fredag 30. januar 2026

Esra, Nehemja og Ester - ei bokmelding

Dronning Ester, slik Hugues Merle (1822-1881) 
såg henne (frå Wikimedia Commons).


- I det første året Kyros var konge i Persia, vekte Herren ein tanke i han. 

Slik byrjar Esraboka i Bibelen. Det kan vera lett å hoppa over denne vesle innleiande kommentaren, men eg les setninga som ein nøkkel til både Esra og boka om Nehemja. Gud vekte ein tanke. 

Så passar det godt å henga på boka om Ester sidan alle desse tre bøkene er lagt til same historiske situasjon.

Dei tre bøkene handlar om persartida. Det er fleire hundre år sidan glansdagane med David, Salomo og det framgangsrike jødiske kongedømet. Både nordriket Israel og sørriket Juda er knust. Folket er drive bort frå landet sitt, spreidd mellom andre folkeslag og utlevert til mektige fyrstar. Ein sporv i tranedansen mellom Assyria, Babel, Egypt og Persia. Og no er det persartid. Bøkene om Esra, Nehemja og Ester handlar alle om persarar og jødar - eit stort og mektig rike, og eit marginalt og fortrengt folk.

Mange folkeslag har vore i liknande situasjonar som jødane i denne tida. Ikkje få har glidd ut av historia og inn i gløymsla. Folket, identiteten og språket finst ikkje meir. Ingen kjenner historia, mytologien eller alle levereglane deira. I beste fall finn vi nokre små leietrådar i kjelder frå andre folkeslag, og kanskje får vi litt hjelp frå arkeologane. 

Slik gjekk det likevel ikkje med jødane som var spreidde rundt om. Desse tre bøkene handlar om korleis eit veikt og sårbart folk overlever

DET EINE FOLKET. Kvifor valde Gud seg ut eitt folk, Israelsfolket, framfor alle andre? Bøkene i Det gamle testamentet fortel at Skaparen var nær dette eine folket på ein helt spesiell måte, gjorde seg kjent for det, gav det eit land, straffa det for fråfall og hjelpte det på beina att når folket søkte han. Folket skulle skilja seg ut og ikkje blanda seg med folkeslaga omkring. Det opplevest som eit langt sprang frå dette til Det nye testamentet. Der er det siste store oppdraget Jesus gjev etterfølgjarane sine: Gå ut og gjer "alle folkeslag" til læresveinar. 

Men tilbake til særstillinga Israelsfolket har i bøkene i Det gamle testamentet. Eg kan skjøna at folk kan mislika denne utveljinga av eitt folk, og synast Gud alltid skulle vist like stort engasjement i alle folk på jorda. Heller ikkje ser det ut til at israelsfolket eigentleg gjorde seg fortent til å stå i ei særstilling. Spør dei gamle profetane. Den gjennomgåande forteljinga i heile Det gamle testamentet er likevel at Gud valde seg ut eitt folk framfor alle andre. Han forventa at dette folket skulle følgja lovene han hadde gitt det, og Han gav det eit landområde inne i botnet av Middelhavet. 

ESRA. Persarkongen Kyros får altså ein tanke frå Gud om at han skal la jødane fara heim til Jerusalem og byggja opp att tempelet. Folket, i alle fall nokon av dei, dreg. Tempelet blir reist og innvigd. Den lærde presten Esra reiser òg heim til den gamle Davidsbyen og får ei leiarrolle mellom dei heimvendte. Esra fortvilar over heimvendte jødar som har gifta seg med koner frå andre folkeslag og dermed opna døra inn til folket for "avskyelege handlingar" gjennom slektsband. Boka endar dramatisk med eit masseskilsmål, der mennene som har gifta seg med kvinner frå andre folkeslag, lovar å skilja seg frå dei. 

Ein ettertanke frå Esraboka: Kva er det å leva nær Gud? "Alle som skalv for ordet frå Israels Gud", les vi om i kapittel 9. I vår tid er ikkje det ein vanleg karakteristikk av menneske som lever nær Gud. Men det fangar opp litt av den breidda som den faste innleiingsformuleringa i Luthers vesle katekisme så godt får fram: Vi skal frykta og elska Gud. Luther var her mykje nærare den røffe bibelske realismen enn mykje av den terapeutisk prega kristendommen i vår tid.

NEHEMJA. Jøden Nehemja er munnskjenk for den mektige persarkongen då han får besøk av nokre landsmenn som fortel kor skrøpeleg det står til med dei jødane som har sloppe unna fangenskapen og no bur i Jerusalem. Dei er "i stor ulukke og vanære. Muren kring Jerusalem er nedbroten, og portane er brende". Situasjonen går sterkt inn på Nehemja. Han set seg ned og græt, han fastar og bed og sannar syndene - både eigne og folket sine. Og han minner Gud om den historiske pendelen for israelsfolket: Gud har sjølv sagt at han vil spreia folket om dei er trulause mot Han, men om dei vender om, har han lova å samla dei i Jerusalem.

Persarkongen let Nehemja reisa til Jerusalem, byen der fedrane hans var gravlagde, for å byggja han opp att. Så dei er viktige begge to, både den sørgjande Nehemja og den imøtekomande persarkongen. Nehemja sjølv ser likevel ut til å spora initiativet ein annan stad når han skriv om det "min Gud hadde lagt meg på hjarta" å gjera for Jerusalem.

Folket arbeider, reiser murane og byggjer portane, trass i vanskar og motstand frå lokale stormenn som driv sitt renkespel.

Ein ettertanke frå Nehemja-boka: Nehemja er statthaldar i landet Juda, og i eit lite avsnitt nemner han at dei som hadde vore statthaldarar før han, hadde lagt tunge skattar på undersåttane, og mennene deira hadde vore harde mot folket. "Men eg gjorde ikkje slikt, for eg frykta Gud", slår Nehemja fast. Måtte mange politikarar ta det til seg. 

ESTER. Av dei bøkene frå persartida er Ester det beste filmmanuset. Utan tvil. Her er det dramatikk og kjærleik, intrigar og rikdom, to tydelege heltar, ein sleip skurk - og ein lukkeleg slutt. Det heile tek til med at den mektige persarkongen Xerxes, som "rådde over 127 provinsar, frå India til Kusj", ikkje rår med si eiga kone. Droning Vasjti trassar han offentleg, og dermed er det stilling ledig på slottet. Jødiske Ester blir den nye dronninga. Men den mektige stormannen Haman (ja, med -n til slutt) toler ikkje at jøden Mordekai ikkje vil bøya seg for han og visa han ære. Mordekai er nær slektning av Ester. Haman får aksept frå kongen til å utrydda jødane i heile riket, og det blir Ester og Mordekai som må prøva å avverga katastrofen. Den som les boka, ser korleis det endar. 

Ein ettertanke frå Ester-boka: Det finst berre to bøker i Bibelen som er kalla opp etter kvinner. Ester er den eine, boka om Rut er den andre. Begge bøkene er vakker og sterk litteratur. Rut er den lojale og sjølvoppofrande kvinna som kjem til eit samfunn der ho i første omgang er nedst på rangstigen og står utan eit vernande nettverk. Ester er den fagre unge jødiske jenta som blir løfta opp til dronningstatus i det mektige persarriket og viser kløkt og mot i ein vanskeleg situasjon. Det kan vera lett å oversjå at dei to har noko heilt grunnleggjande felles: Dei er begge minoritetskvinner. Ester tilhøyrer ein jødisk minoritet i storsamfunnet, ein posisjon som ofte har vore meir enn vanskeleg. Den første tida vel ho faktisk å skjula sin jødiske identitet. Rut er ei ikkje-jødisk kvinne som har vore gift med ein jødisk mann. Ho misser mannen, og ting går ikkje så bra. I staden for å venda tilbake til sitt eige folk, følgjer ho svigermora og blir ein innflyttar mellom jødane. 

Det får vera alt om dei tre "persiske" bøkene i Bibelen. Alle tre er flotte bøker. Og om ein først og fremst er på jakt etter den gode forteljinga, les Ester. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar