mandag 30. september 2024

Samuelsbøkene, ei bokmelding

Profeten Samuel salvar David til konge (måleri av Victor
 Biennoury
, frå Wikimedia Commons).
Fedrar, søner og sorger. Det skal denne bokmeldinga handla om.

Dei to Samulesbøkene har fått namn etter profeten og dommaren Samuel. Bøkene fortel om israeslfolket rundt år 1000 før Kristus, på overgangen frå dommartida til etableringa av kongedømet. Først møter vi presten Eli, deretter stig Samuel fram. Han er den siste dommaren før kongane. Så kjem Saul, som er den første kongen. Deretter kjem den andre kongen, David, og mesteparten av desse to bøkene i Bibelen handlar om denne gjetarguten frå Betlehemsmarkene som vart den største av alle kongane i det gamle Israel.

IKONISKE FORTELJINGAR. Dei to bøkene er rike på handling og dramatikk. Her er det drap og krig, sex og svik, opprør og spionasje, venskap og rivalisering, paranoia og farskjærleik, åndemaning og ambisjonar, renkespel og integritet. Krigen mot filistarfolket og dei indre konfliktane i israel ulmar alltid, og flammar ofte opp.

Nokre av forteljingane i desse bøkene er så ikoniske at dei berre må nemnast før eg går vidare til temaet om fedrar, søner og sorger. Ei av desse forteljingane er Davids møte med Goliat, som over store delar av verda er vorte sjølve biletet på kampen mot overmakta. Ei anna slik tidlaus forteljing er soga om David, Uria, Batseba og Natan. Det er ei sørgjeleg historie, sant nok. Samstundes er denne forteljinga ei påminning om korleis sjølv ein god leiar kan korrumperast av eiga makt, om den skilnaden det trass alt gjer når ein leiar kan erkjenna eigne feil, og - ikkje minst - om verdien av å møta makt med integritet. 

Det finst fleire slike ikoniske forteljingar i Samuelsbøkene, om dei enn ikkje er fullt så kjende som dei to over. Ein slags tråd gjennom fleire kapittel er forholdet mellom kong Saul og den unge David. Sjølv om hatet og misunninga herjar Saul så han jaktar på David, sluttar ikkje David å vilja Saul vel, og han grip ikkje sjansane han får til å drepa kongen.

Som sagt, Samuelsbøkene er innhaldsrike og spennande. Skal du lesa høgt for eit (ikkje heilt lite) barn, og toler både du og barnet litt drap og krig og sånn - gå for Samuelsbøkene. 

Mitt i myldered må ein jo velja ut noko i ei bokmelding. Eg har valt det fascinerande samspelet og motspelet mellom fedrar og søner. 

ELI OG SAMUEL. Ettermælet til desse to er vidt forskjellig, men dei delte eit problem: korrupte søner, som ikkje gjekk i fedrane sine forspor. Biletet av presten Eli er i stor grad farga av desse sønene. Gud går i rette med Eli og spør: Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, så de feitar dykk med det beste av alle offergåvene som mitt folk Israel ber fram? Eli-sønene var korrupte, gudlause, viste ikkje respekt for Herrens offer og dreiv hor med kvinnene som gjorde teneste ved teltheilagdomen. 

Etter Eli kom Samuel, som gjorde dei to sønene sine til dommarar i Israel då han sjølv vart gammal. Om sønene til Samuel heiter det at dei "søkte urett vinning, let seg kjøpa og vrengde retten". Eg finn likevel ingen stad at Gud klandrar Samuel for vegvala sønene hans gjer. Som alltid er det mykje vi ikkje veit, og det kan tenkjast ulike forklaringar på at sønene har gitt Eli eit dårleg ettermæle, medan sønene knapt har prega vurderinga av Samuel. Men slike forklaringar blir spekulasjonar.

DEN VRANGE FADEREN. Saul, den første kongen i Israel, er ein tragisk figur. Han blir salva av Samuel til konge, men så vender han seg bort frå Gud, og Gud vender seg bort frå han. Det toppar seg i slaget mot amalekittane. Både det Gud bad han gjera, og det Saul faktisk gjorde, ville vi i dag kalla folkemord. Det er vanskeleg nok; eg har skrive om temaet før, og sjølvsagt ikkje kome i mål med det. Her og no får det liggja. Saul går sin eigen veg, og Samuel seier til han at "du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg". Litt seinare får vi høyra at "ei vond ånd frå Gud" plagar Saul. Han blir skiftande, sjalu og hatsk. Ikkje minst går det ut over David, den nye og stigande sterna i israelshæren. 

David vil ikkje Saul vondt. Tvert om kjenner han på ein sterk lojalitet mot kongen sin. Samstundes veks det fram ein djup og nær venskap mellom David og Jonatan, ein av sønene til Saul. Jonatan kjem i skvis mellom det destruktive hatet hjå han som trass alt er far hans, og bestevenen David. Han ser det urimelege i faren sine handlingar og hjelper David med å røma unna Saul. Men han får farens harme mot seg, og det går så langt at Saul truar son sin med spyd.

Forteljinga om David og Jonatan er ei vakker påminning om djupnene i venskap. Vi er meir vane med dei sterke orda om kjærleiken mellom mann og kvinne og kjærleiken mellom foreldre og born. David løftar opp den djupe venskapen når han ærar Jonatan etter at venen har falle i ein av dei mange krigane, der han kjempa saman med far sin:

Eg sørgjer over deg,

Jonatan, min bror!

Inderleg var du meg kjær.

Din kjærleik var meg

meir underfull

enn kvinners kjærleik.

Forresten smittar spenninga mellom Saul og David òg over på forholdet mellom Saul og dottera Mikal. Saul tenkjer strategisk, trur han kan bruka dottera for å få has på David og seier ja til at dei to får gifta seg. Men Mikal elskar David og hjelper han med å røma unna far hennar.

ABSALOM, SON MIN, SON MIN! Forteljinga om David og sonen Absalom er både vakker og vond, og mest det siste. Kva som driv Absalom til å trå etter kongsmakta og gjera opprør mot faren, seier Samuelsbøkene lite om. Kanskje fordi maktgir er eit så openlyst motiv at det ikkje er verd å nemna? 

Absalom har lagt ein strategi. Før opprøret snakkar han ned det eksisterande styret, smiskar med folk og fortel kor bra han ville teke vare på interessene deira. Absalom er altså ein politisk populist, og han får folket med seg. Eller som Samuelsbøkene seier det: Han stal hjarta til israelittane. 

David må flykta. I det avgjerande slaget går det likevel ikkje Absalom sin veg. Han flyktar inn i skogen på muldyret sitt, viklar seg inn i greina på eit eiketre og blir hengande etter hovudet. David har gitt ordre om at mennene hans skal fara varsamt med Absalom. Men den mektige og eigenmektige hærføraren hans Joab får likevel Absalom drepen.

Og David sørgjer og ropar ut si klage. At opprøret er slått ned, kjem i bakgrunnen for at han har mista den opprørske sonen sin, den bortkomne sonen som ikkje vende heim. David er glad i han og sørgjer. 

Kongen har òg andre søner som gjev han sorg på ulike måtar. David ligg på jorda, fastar og gret i håp om at den førstefødde sonen han har fått med Batseba, må få leva. Guten døyr etter sju dagar. Ein annan av davidssønene, Amnon, valdtek si eiga søster Tamar, og David blir "brennande harm". Likevel sørgjer han når Amnon seinare blir drepen.

Når David er vorten gammal, får sonen Adonja høge tankar og vil gjera seg sjølv til den nye kongen. "Far hans hadde aldri snakka han til rette", forklarar forfattaren av Første Kongebok. David blir ikkje framstilt som feilfri. Vi i vår tid er sikkert i stand til å finna endå fleire manglar ved han. David var faktisk òg i stand til sjølv å sjå eigne feil.

Så prøver eg å la den verste krigføringa liggja - det er lite vi kan gjera med det no, det er 3000 år sidan - og dveler heller ved alt det andre. Den raudleitte gjetarguten, ungdommen som gjekk imot Goliat, tenaren som tok vare på respekten for ein konge som ville drepa han, faren som elska alle borna sine, den djupe venskapen og viljen til å lytta til Gud og ta imot tilrettevising frå menneske. Eller som sonen Salomo sa det: David hadde "eit hjarta som var ærleg". Derfor glitrar det av David.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar