Breiflabben er noko for seg sjølv, stor i kjeften og kan bli opp til to meter lang (Illustrasjon: Le règne animal av Georges Cuvier, frå Wikimedia Commons) |
Breiflabben er ein fisk som gjer inntrykk. Mange vil meina han er stygg, og stor i kjeften er han i alle fall. Skapningen har mange ulike namn: marulk, flabb, ulke, sjødjevel, havtaske og storkjeft. I Øygarden har han vorte kalla flatølk (flatulk), har eg fått fortalt. Frå Helgeland er namnet storkjeftkonge kjent, eit ord som får fram både det gyselege og det agelege.
Kva gjer ein når eit slikt kreatur viklar seg inn i trollgarnet? For det første må du vikla han ut att. Det kan ta litt tid sidan hovudpersonen sjølv har ein litt krevjande kroppsfasong, ein tannkvass kjeft du bør passa deg for og (sannsynlegvis) heller ikkje opplever at han er med på eit samarbeidsprosjekt. Neste steg er å avliva fisken, og det kan vera litt utfordrande om ein er van med at eit enkelt knivsnitt under hovudet er alt som skal til. Steg tre er derimot enklare enn eg hadde trudd. Med skarp fileteringskniv og litt hjelp frå YouTube er det raskt og enkelt å få to flotte filetar frå sporden. Kjeften et du ikkje, men eit lite kinnstykke frå kvar side kan ein ta med.
Breiflabben har tradisjonelt vore sett på som ufisk. Norsk Allkunnebok (1949) seier det poengtert og tvitydig på same tid: "Kjøtet er snøkvitt og velsmakande. Flådd og hovudlaus vert b. òg kalla kotelettfisk. Er ikkje matfisk hos oss." I Store Norske Leksikon anno 2024 er vurderinga oppdatert i tråd med endra matvanar: "Breiflabben ble i tidligere tider sett på som en ufisk. I dag er den en meget ettertraktet fisk. Kjøttet er fast, fint og velsmakende."
Mange kjenner kanskje til breiflabben frå songstrofa "vått og kaldt og breiflabb over alt". Det er Knutsen & Ludvigsen sin statusrapport frå byen Bergen, om nokon skulle vera i tvil.
Den siste delen av ordet breiflabb er ei historie i seg sjølv. Ifølgje Nynorskordboka tyder flabb "(brei) kjeft, snute eller munn". I tillegg er det brukt overført om ein "flåkjefta, nasevis person".
Dermed er det ei glede å introdusera ein episode frå norsk pressehistorie. I 1949 skreiv Per Håland ein artikkel i hovudstadsavisa VG. Håland vart, som kjent, seinare ein smått legendarisk redaktør i vestlandsavisa Gula Tidend. Artikkelen i VG var ein kritikk av det han meinte å finna i hovudstaden av skrantande kunnskap og manglande respekt for landet utanfor Oslo. Det er ein artikkel med gode poeng, men som toppar seg i at journalist Håland spør: "Kvifor er Oslofolk så dumme?" Ein kåssør i Arbeiderbladet i Oslo gav han svar på tiltale:
Oslo-folk er stort sett alltid de første til å peke på feilene ved hovedstaden. Denne selverkjennelsen bruker en hvilken som helst tilfeldig tilreisende - eller innflytter - mot oss. Det verste er at undertiden får de hjelp av profesjonelle skribenter, nå sist fra en flabb i Verdens Gang, Per Haaland. Alle Oslo-folk er dumme, skriver han, bare i Sognefjorden, som han er fra, er nordmannen menneske. Skjønt noen halvaper fins vel i andre landsdeler også, men slett ikke i Oslo.
Dra hjem igjen med selvgodheten, Per Haaland. Her er trangt nok som det er, enda fjorden er bredere på våre kanter.
Håland klaga ord- og sitatbruken inn for Pressens Faglige Utvalg (PFU), som konkluderte på salomonisk vis:
Det faglige utvalg mener at det ikke er god presseskikk å bruke uttrykk som "flabb" i en polemikk, men synes nok også at i denne sak kan den ene fornærmelse oppveie den andre.
Så veit vi det.
Om kjeldene, i tillegg til dei som er lenka direkte til i teksten over: Takk til Arkivverket som har sendt meg dokumenta i saka mellom Per Håland og Arbeiderbladet. Opplysninga om at "storkjeftkonge" er brukt på Helgeland som namn på breiflabben, er henta frå artikkelen "Breiflabb i kamp med erfugl" i Dagen 1. april 1933.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar