fredag 16. august 2024

Dommarane, ei bokmelding

Dommaren Debora, slik europeiske
kunstnarar på 1600-talet såg henne. 
Dommarboka fortel rett nok ingen ting 
om at ho sjølv væpna seg og gjekk i 
krigen, men illustrasjonen vart likevel
vanskeleg å motstå (Ill.:
Gilles Rousselet og
Abraham Bosse, etter Claude Vignon. Frå
Wikimedia Commons)
I dei dagane var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.

Med denne oppsummeringa sluttar Dommarboka i Det gamle testamentet. Her er det krig og konfliktar, heltar, fråfall og snuoperasjonar. Boka omtalar historia til israelsfolket etter at dei store leiarane Moses og Josva har ført folket ut frå Egypt og inn i Kanaan. Det er vanskeleg å lesa seg fram til eit tydeleg mønster for korleis leiarane av folket, dei såkalla dommarane, vart utpeikte i denne tida, som altså ligg før kongetida. Nokre gonger fortel teksten at Gud plukka ut ein ny leiar, men andre gonger står det ikkje noko slikt. 

Den nære kontakten folket hadde hatt med Gud gjennom Moses, ser ikkje ut til å vera like tydeleg lenger. Folk gjer ofte som dei sjølve finn for godt, og det er konfliktar både med andre folkeslag og internt i Israel. Krigen er ein del av kvardagen, og dei rapporterte dødstala frå slagmarkene er høge. Dette er ei forteljing om eit folk som treng samling, stabilitet og ei viss sentral statsmakt. I alle fall les eg eit slikt behov inn i både den oppsummerande avslutninga av boka og i mange av forteljingane og konfliktane det blir fortalt om.

HELTANE. I denne boka finst det òg nokre fantastiske helteforteljingar, og fremst mellom dei er sogene om Gideon og Samson. Begge vart plukka ut av Gud til å hjelpa israelsfolket mot fiendefolk som undertrykte dei - i det første tilfellet handla det om midjanittane, i det andre om filistrane. Gideon bad om teikn frå Gud for å vita om det var han som skulle leia folket. Når det kom til stridens dag var han modigare enn dei fleste og gjekk på Guds bod i krigen med ein miniatyrhær.

Soga om Samson, mannen med kjempekreftene, er både utruleg og fascinerande. Dette må lesast. Så om du ikkje tek deg tid til å lesa heile Dommarboka, går det an å lesa kapitla som handlar om Samson. Er det forresten her vi møter den første fullblods gåta i Bibelen? Eg kan ikkje hugsa å ha støytt på reine gåter under lesinga av Mosebøkene og Josva. 

HISTORIEPENDELEN. Det er mange fleire forteljingar og personar i denne boka, men det får bli med Samson og Gideon i denne omgang. Sjølve historiesynet som møter oss, er interessant. Pendelen svingar heile tida mellom fråfall og omvending. Israelittane gjer "det som var vondt i Herrens auge", og undertrykkinga frå andre folkeslag rammar dei. Dei vender om, og Herren bergar og hjelper dei. Pendelen svingar att og fram mellom desse to punkta.

Her er det ikkje spor av den moderne forestillinga om at historia er ein prosess der vi blir klokare og skjønar oss betre på dei store og viktige spørsmåla etter som tida går. Skrapar du litt i overflata, dukkar eit slikt tankemønster opp hjå dei fleste av oss i vår tid. Vi kan vera pessimistiske om mykje, men under overflata trur vi at soga er ei utvikling som går framover og har gitt oss betre innsikt og betre skjøn enn folk hadde i tidlegare tider. Sånn tenkjer ikkje Dommarboka. Her er det pendelen som svingar. 

Dei moralske vala får konsekvensar for korleis det går med folket. Fråfallet fører til dom og ulukke. Lydnad mot Gud fører til fred og til at åket frå grannefolka blir kasta av. No er det ikkje slik at Bibelen gjennomgåande forklarar det som møter oss av godt og vondt i livet, med at vi får som fortent, og spesielt ikkje på individnivå. Den som vil forklara individuell rikdom, helse og popularitet med eigne moralske kvalitetar, vil stonga mot mange bibeltekstar. Og den som vil peika på moralsk brest som årsaka til individuell fattigdom, sjukdom og upopularitet, vil snubla i like mange tekstar. Likevel er Dommarboka temmeleg konsekvent i å forstå israelsfolket si historie som resultat av fråfall og omvending. "Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja", heiter det i fedrelandssalmen, og her er Elias Blix godt på talefot med forteljingane i Dommarboka.

Sidan Dommarane handlar mest om menn, har eg lyst til å skriva litt meir om nokre av kvinnene i boka. For dei er der, og den aller fremste av dei er Debora. Ho er eineståande fordi ho er einaste kvinnelege dommaren vi høyrer om i denne boka. 

DEBORA, JAEL OG TELTPLUGGEN. Denne Debaora er omtala som ei profetkvinne. Ho brukte å sitja under Debora-palmen mellom Rama og Betel i Efraim-fjella. Israelittane kom til henne for å få dom i rettstvistar, heiter det i kapittel 4. Israelsfolket er kua av eit grannefolk, og Debora kallar inn ein mann som heiter Barak og bed han gå til krig for Israel. Det gjer han, men på vilkår av at Debora følgjer hæren. Israelsfolket vinn og utslettar fiendehæren. Hærføraren for fiendane deira greier likevel å røma unna og gøymer seg i teltet til kenittkvinna Jael. Ho tilbyr seg å gøyma han i teltet sitt og dekkjer over han med eit teppe. Der sovnar den utmatta hærføraren Sisera, og Jael slår ein teltplugg gjennom tinningen hans. 

Kanskje ikkje den mest oppbyggjelege historia i ei verd der vi har nok av krig og død. Men sånn er det. Interessant er det å lesa Debora-songen som blir framført etter slaget, og som fyller eit heilt kapittel i Dommarane. Her blir den handlekraftige Jael løfta fram. På slutten av songen er kvinneperspektivet svært tydeleg gjennom mor til Sisera, hoffkvinnene hennar og jentene som kunne vorte krigsbytte.

SON AV DEN PROSTITUERTE. Bibelen er ei ærleg bok og glattar ikkje over at det fanst kvinner som levde av å selja sex. "Ei hore kan du få for ein brødleiv", heiter det i den store ordtaksamlinga i Bibelen, og får dermed fram korleis kjøp av sex brutalt skriv ned verdien av eit menneske. 

Vi møter fleire slike kvinner i Bibelen. Og sjølv om hor og prostitusjon er sett på som svært negativt, er det interessant å sjå at den gamle boka likevel viser oss at prostitiuerte er menneske, dei som andre. Alt er ikkje berre svart. Kvinna Rahab er ei sak for seg. Josvaboka fortel at denne prostituerte kvinna tok imot dei israelittiske spionane som speida ut byen Jeriko, og skjulte dei. Som takk sparte dei henne og familien hennar då krigen kom, og Rahab er faktisk på plass saman med dei mange trusheltane som er lista opp i Hebrearbrevet kapittel 11 i NT, "for med fred hadde ho teke imot dei som kom for å speida ut landet". Forteljinga om Juda og svigerdottera Tamar i 1. Mosebok skal eg hoppa over her. Historia er sterk kost, og viser m.a. noko om prostitusjon, men Tamar var trass alt ikkje ei prostituert.

Det var derimot mor til ein av heltane i Dommarboka. Om Jefta heiter det at han var ein djerv krigar, men han var son av ei prostituert kvinne. Dei brørne som var fødde innanfor ekteskapet, ville ikkje dela arv med Jefta og jaga han bort. Då det seinare vart vanskelege tider, var det likevel Jefta som vart henta inn som leiar av folket, og han vart ein av dei ruvande dommarane i Israel. 

KVINNER SOM MASAR. Korleis styrer du eit anna menneske som du står i ein nær relasjon til? Sjå, det er spørsmålet om du vil leggja eit maktperspektiv på kvardagen din. Dette hadde dei skjønt begge kvinnene til kjempa Samson. Han vart først gift med éi filistarkvinne, seinare var han saman med ei anna kvinne frå dette grannefolket (Dalila). Begge to valde same strategi: Dei masa og gnog, og brukte samstundes sin kapital som offer. Og om Samson aldri så mykje hadde krefter som ein rise, kom han til kort. I begge tilfella handla det om å få han til å røpa noko han burde halde tett med.

Hadde det ikkje vore så politisk ukorrekt, skulle eg ha skrive at eg trur mange menn kjenner seg att i dette med at den vinn som masar mest effektivt.

Men er det alltid så dumt å masa? Nei. Jesus fortel ei likning om ei enkje og ein uærleg dommar. Enkja ville ha retten sin, dommaren brydde seg katten. Men enkja massa og masa, ho, heilt til dommaren ikkje orka meir. Han gav henne det ho hadde krav på. 

DET ETTERLENGTA BARNET. Bibelen har fleire vakre forteljingar om kvinner som ikkje kunne få barn, heilt til Gud greip inn. Sara som vart mor til Isak, Hanna som vart mor til Samuel, Elisabeth som vart mor til døyparen Johannes. Desse kvinnene står fram som berarar av håpet. Barnet er ikkje eit problem. Det er etterlengta, og det er ei velsigning. Dei talar sterkt til vår tid, der vi trass materiell rikdom er for fattige til å verna barnet i mors mage, og for opptekne med andre sider av livet til å reprodusera oss som samfunn. Då er desse kvinnene eit håpsteikn og ei påminning om kva som er viktig. Dommarane har sett av eit heilt kapittel til ei slik forteljing. Vi får ikkje vita namnet hennar, men at mannen heitte Manoah og sonen var kjempa Samson. Men ho står som eit symbol på håpet om barnet og ei påminning om "Herren, han som gjer under" (kapittel 13, vers 19).

Ingen ting gale sagt om mannen hennar heller, men slik eg les slutten av kapittelet, var ho nok òg den klokaste teologen av dei to.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar