tirsdag 16. juli 2024

Kule ord (95): sjibbolet

Songboka Schibboleth (foto: Jon-Erik Faksvaag/Norsk
folkemuseum)
Ordet sjibbolet kan tyda kjennemerke, stikkord og prøvestein, slik ein finn det forklart i Norsk Ordbok og Det Norske Akademis Ordbok. Eit sjibbolet er gjerne eit kjennemerke som avgrensar ei gruppe frå andre. Det kan vera eit ord eller ei formulering, ein viss uttale, ein skikk, ein hemmeleg kode, ei meining eller eit synspunkt. Den engelske utgåva av Wikipedia har ei rekkje interessante døme frå historia.

Vi har fått ordet frå hebraisk, nærare bestemt frå ei forteljing i Dommarboka i Bibelen. I eit internt oppgjer i israelsfolket gjekk Efraimstammen til krig mot landsmennene sine i Gilead. Mennene frå Efraim tapte og måtte flykta tilbake til vestsida av Jordanelva. Men attmed elva sto det krigarar frå Gilead som stogga rømlingar og bad dei uttala ordet sjibbolet. Folk frå Efraim hadde problem med sj-lyden, og krigarane derifrå sa "sibbolet". Og "fordi han ikkje kunne uttala ordet rett", greip dei og drap rømlingane der ved vadestadene over Jordan. Forteljinga står i kapittel 12 i Dommarane.

Ei brutal form for språksosiologisk aksjonsforsking, med andre ord.

Elles er Schibboleth namnet på songboka til den norske pinseretninga "frie venner" eller "De frie evangeliske forsamlinger". Dette var lenge ei sjølvstendig rørsle, men dei frie vart for eit par år sidan formelt ein del av den Pinsebevegelsen i Norge.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar