torsdag 11. juli 2024

3., 4., 5. Mosebok og Josva, ei bokmelding

Josva og israelittane i ei framstilling frå midten av
900-talet (Vatikan-biblioteket i Roma, etter Wikimedia
Commons).
Lurar du på å bli ein kristen? Då bør du finna fram ein Bibelen og lesa 3., 4., 5. Mosebok og Josvaboka. 

Av alle råd og synspunkt eg har høyrt om evangelisering, dette er ikkje eitt av dei. Og det skjønar eg så godt. Når sant skal seiast, lurte eg vel under gjennomlesinga stundom på om det er større sjanse for å missa trua enn å bli ein truande av å lesa desse bøkene. 

Sjølvsagt er det mykje flott, mykje spennande, mykje historisk interessant, og dessutan ein heil del vi oppfatta som "fint" i desse bøkene. Derfor kan ein sikkert skriva om dei med utgangspunkt i dette. Ein kan velja ut forteljingar og vers ein oppfattar som oppbyggjelege, lesa desse og ha glede av dei. I kristen samanheng og forkynning blir Bibelen ofte brukt slik. Vi tek med oss det som ser oppmuntrande og oppbyggjeleg ut, og let resten liggja. 

FORFERDELEG. Det er kanskje greit å gjera det slik, men det er ikkje i orden å alltid gjera det slik. Då står vi i fare for å formidla Bibelen på ein måte moderne omdøme-ekspertar ville gjort om dei fekk herja fritt. For i Mosebøkene og Josva er det mykje å lesa om krig og nedslakting, straff og refs. Heller ikkje er det slik at dette berre er ei skildring av ting som (dessverre) faktisk hende. Nei, her er det mange gonger Gud som straffar, som er streng og som endå til nokre stader gjev folket beskjed om å "ikkje spara ein einaste levande skapning" når dei skal ta ein by i det lova landet. For desse fire bøkene handlar om eit israelsfolk på vandring, først gjennom ørkenen med Moses som leiar, og deretter med Josva i front inn i Kanaan, landet som er lova dei.

Er Gud forferdeleg? 

Det eit naturlege spørsmåla å stilla etter å ha lese gjennom desse fire bøkene i Det gamle testamentet (GT). Så kan ein sjølvsagt meina at vi ikkje treng å leggja så stor vekt på de biletet av Gud som vi finn der. Vi kan heller velja å ta til oss biletet av Gud vi møter gjennom Jesus i Det nye testamente (NT). Ei slik tilnærming er forståeleg og har noko for seg. Samstundes er det problematisk om ein vil bruka NT til å sjå heilt bort frå biletet vi møter av Gud i Mosebøkene og Josva. Det er heilt rett at Jesus ikkje sender etterfølgjarane ut med våpen i hand for å byggja gudsriket. Tvert om, han bed oss venda andre kinnet til. På same tid seier han òg ein del om Guds dom over menneske. Og eg har ikkje funne at Jesus sjølv nokon stad tek eit oppgjer med framstillinga av Gud som i den tidlege israelshistoria bed folket innta Kanaan med krig.  

ALMINNELEGE MENNESKE. Når så mykje er sagt, er det likevel meir å seia. I forteljinga om israelsfolket i dei tre siste mosebøkene er det ofte ei tredeling: Du har Gud, du har Moses (gjerne saman med nokre få andre leiarar) og så har du folket. Vi møter ikkje så mange namngitte enkeltpersonar og deira utfordringar, om vi då ser bort frå dei sentrale leiarane. Vi møter dei mange namnlause, slike som oss, omtala kollektivt som "folket". Sameleis er det i Josvaboka. Her handlar det i stor grad om den nye leiaren Josva og om Israelsfolket som éi eining, eventuelt delt inn i dei ulike stammane, og om folkeslaga og kongane dei møtte, streid mot og dreiv bort. 

Framstillinga i dei fire evangelia i NT skil seg dramatisk frå dette. Her blir kollektivet "folket" fylt med fargar og nyansar. Enkeltmenneske i ulike livssituasjonar og frå ulike lag av samfunnet stig fram. Dei er mange, dei er ulike og dei er mange gonger mottakelege for Guds nåde og velsigning. Her stabbar den fattige enka fram med småmyntane sine til tempelkista. Småungane kryp opp på jesusfanget og blir velsigna. Ei kvinne som har levd eit liv prega av sjukdom, rører ved kappa hans og blir frisk. Ein velmeinande ung riking synest Jesus blir for radikal, og går sorgtung bort frå han. Ein korrupt offentleg tenestemann møter Jesu venskap og vender om i rein glede. Det same gjer kvinna ved brønnen, ho som hadde fått profesjonell rutine i å skifta ut menn. Ein elles anonym kriminell i pine og dødsangst blir invitert med til Paradis av Jesus sjølv.

Det er ei vårløysing av individualitet i forteljingane om Jesus i dei fire evangelia. Det står gjerne ikkje i motstrid til biletet av Gud frå Mosebøkene og Josva, som - må eg vedgå - er vanskeleg å ta til seg. Men det fyller ut biletet og gjev det ein heilt annan dimensjon. Gud bryr seg faktisk om alminnelege menneske. Han går endå lenger og er glad i dei utstøytte og upopulære. Det gjeld til og med dei som har rota det til sjølve, og som ikkje ærleg kan seia at dei gjorde sitt beste. 

Eg seier ikkje at det ikkje finst spor av det same i GT, men det er som ei demning brest når vi kjem over i evangelia. Desse bøkene, skrivne ned for eit par tusen år sidan, må ha vore revolusjonerande for synet på individualitet og enkeltmennesket sin verdi. Den eine stig fram tydeleg, og denne eine treng ikkje vera ein leiar i folket. 

DEN VELSIGNA MAKTLØYSA. Dei politiske rammene i den første kristne tida, den jorda kyrkja vart sådd i, er òg heilt ulik situasjonen for israelsfolket slik vi møter det på Moses og Josva si tid. Israelsfolket hadde flykta frå undertrykkinga i Egypt og til det landet Gud hadde lova dei. Dette landet tok dei med krig, utrydding, fordriving og dominans. Dette var deira land, og dei framande som budde mellom dei, skulle innordna seg dei reglane Israelsfolket gav. Situasjonen er snudd på hovudet for det nye gudsfolket i NT. Her er det andre makthavarar som legg dei politiske premissane. Dei første kristne hadde verken våpen eller politisk makt. 

Visst veit vi at dette endra seg etter kvart. Så kan ein diskutera om denne endringa frå utsett minoritet til formande samfunnskraft var bra eller ikkje. Eg trur det trass alt var eit stort gode at kyrkja fekk dominera vår kultur i hundreår etter hundreår. Men dei første kristne hadde uansett ikkje denne samfunnsmakta, og oppdraget kyrkja fekk, var heller ikkje eit militært oppdrag om å vinna geografiske landområde.

Så om ein trur på Gud, slik ein til tider gjer i kyrkja, er konklusjonen at han valde å senda Kristus som liten gut i eit undertrykt jødefolk og la kyrkja spira fram som ein sårbar og våpenlaus minoritet i eit fleirkulturelt imperium. I denne situasjonen valde han å utstyra henne med ord og bod om å forkynna evangeliet, sende henne ut til alle folkeslag, bad henne gjera det gode og forventa forfølging - og sende med ei påminning om at Gud ikkje gjer skil på folk.

Så kan ein spørja seg kvifor Gud valde å gjera det slik. Kvifor han ein gong valde seg ut eit folk og let dei kriga seg fram til eit land, for seinare å senda ut borna sine "som sauer mellom ulvar". Eg veit ikkje kvifor, og det er skakande å lesa mange av forteljingane i Mosebøkene og Josva (og andre stader i Bibelen, for den del). Men Gud er uutgrunneleg, og når Jesus ikkje avviste framstillinga av Gud i GT, trur eg heller ikkje vi skal gjera det. Gud er skremmande, men Gud er òg nådig, lik faren som tek imot den bortkomne sonen. Vi kan ikkje definera Gud. Sjølve kjernen i avgudsdyrkinga er å laga seg andre gudebilete, eller tilbe eigne gudsbilete, om ein vil. Men grunnlaget for kristen gudstru er at det er Gud som har skapt oss, ikkje omvendt, og derfor kan vi heller ikkje definera han eller skreddersy han etter våre behov eller ønske. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar