fredag 15. oktober 2021

Makt i Guds hus

Det har i det siste vore skrive mykje om prestar som reserverer seg mot samarbeid med kvinnelege kollegar i gudstenesta. Ikkje fordi desse prestane er mange. Dei er svært få i Den norske kyrkja. Heller ikkje fordi dei har eit ønske om å laga oppstyr og problem. Så langt eg kan sjå, prøver desse prestane å la det synet dei har, få minst mogleg konsekvensar, men utan at dei heilt vil oppheva samahengen mellom ord og handling.

To prestar har særleg fått gjennomgå i det siste. Vidar Nes Mygland og familien hans er nærast blitt jaga frå mediesak til mediesak. I Åmli ville kvinnelege prosten ta imot han som sokneprest, men bispedømerådet vende tommelen ned. No sist hadde han fått eit fire månaders vikariat på Møre. Så vart det mediesak, og biskopen avslutta vikariatet. I Sogndal er Mikael Bruun blitt pressa ut av prestetenesta.

Kvifor skjer dette no? Eg treng kanskje ikkje terpa på at Bruun og Mygland i denne saka står for ein tradisjonell felleskristen praksis forankra i Bibelen. Dei aller fleste kristne rundt om i verda lever i kyrkjesamfunn som har ein praksis på dette området som Bruun og Mygland ville funne seg heime i. Og du skal ikkje mange år tilbake før motstanden mot kvinnelege prestar dominerte i det norske presteskapet.

Når kyrkja no har sett i gang denne utreinskinga, handlar det ikkje først og fremst om at eksistensen av denne vesle gruppa prestar gjer livet så vanskeleg for kvinnelege prestar. Det er ingen som helst tvil om kven som har både folkeopinionen og det kyrkjelege apparat i ryggen. Påstanden om at Bruun og Mygland må ut fordi handlingane deira fører til at kvinnelege kollegar føler seg «utrygge», er eit underleg argument. Snarare makt kledd i offerspråk. For kven er det som blir jaga frå mediesak til mediesak, som ikkje kan rekna med støtte frå biskopane som har ordinert dei, som står i fare for å missa jobben, som i verste fall kan enda opp med ei lang utdanning dei ikkje kan bruka, og som saman med familien sin må tola å bli offentleg uthengt og latterleggjort både lokalt og nasjonalt? 

Den utreinskinga vi no ser, handlar i stor grad om at desse prestane er ei lita,  svak og til dels upopulær gruppe i det norske kyrkjelandskapet og i det norske samfunnet. For ein generasjon eller to sidan var det heilt utenkeleg at det kyrkjelege apparatet skulle støyta ut motstandarar av kvinneleg prestetenteste slik vi ser no. Då var dei også mange fleire, og dei hadde posisjonar i kyrkja. No er det ikkje slik lenger. Makt er stundom undervurdert som forklaringsfaktor. Dei som har makta i kyrkja, brukar henne no til å kvitta seg med ein minoritet.

Skal tru om ikkje mange av dei som no sit i dei kyrkjelege posisjonane, har hatt prestar, kristne leiarar eller mentorar i ungdom og studietid som dei har hatt den største respekt for, og som har stått for same syn og praksis i kvinneprestspørsmålet som Bruun, Mygland og meiningsfellane deira? Sidan mange av dei som styrer i kyrkja, er i femti- og sekstiåra, er dette ganske sannsynleg. I så fall håpar eg dei vil ta seg tid til følgjande øving: Prøv å sjå ansiktet til denne leiaren eller mentoren i presten du neste gong konfronterer med valet om å bøya av eller finna seg ei anna stilling.

1 kommentar:

  1. Verken i ekteskapet eller presteskapet er det best med eitt kjønn. Du verden kor mykje betre det er med to ulike kjønn. Ellers er det heilt urimeleg og ufornuftig at kvinna ikkje kan gjera teneste som prest. Alle menn, også prestar har godt av å samarbeide med kvinner. All fornuft skulle tilseie at det er det beste for kyrkja.

    SvarSlett