mandag 6. september 2021

September i Stølsheimen

Blåbæra er verd ein tur i seg sjølv
(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Det regnar ikkje alltid i Stølsheimen, og det er ei velsigning å kjenna beina bera i jamn fart frå hytte til hytte opp og ned i dette vestlandske fjellområdet under sol og skiftande skydekke tidlege septemberdagar. I år er stiane tørre og fine å gå på, og elvane ser nesten ut til å ha mist si kraft. Men vatn er her jo likevel rikeleg av samla opp i dammar, tjønner og innsjøar. Vatn, luft og stein i overflod. Kan du telja steinane i Stølsheimen, kan du telja stjernene på himmelen.

Så mange gonger har eg ikkje gått i Stølsheimen, men nok til å ha kjent korleis det er når regnet bøttar ned. Det går greitt så lenge ein ikkje tek for lange stopp undervegs, og så lenge ein kan søkja ly i ei av turlagshyttene før mørkret kjem. God bjørkeved sikrar at både klede og skor er tørre neste morgon.

Opp på taket. I år gjekk ferda frå Ortnevik til Mo og stort sett i opphaldsvêr. Første overnatting var på Brydalseter, neste på Norddalshytta og siste på Vardadalsbu. Frå Vardadalsbu var det ein fin avstikkar å gå opp på Eldhusfjellet (1206 moh). Her oppe på taket av Stølsheimen ser ein ut over eit mektig rike av stein og vatn i alle retningar.

Heldigvis er det både planteliv og dyreliv her. Så mange sauene trefte vi ikkje langs ruta vår. Det er plass til mange fleire. Ørna og røyskatten såg vi. Rypene dukka stadig opp, men heldt seg på anstendig avstand. Og ein botanikar ville sikkert kunna seia mykje om både blomar, karsporeplantar, mose og lav. Ein av tøffingane som klatrar høgt opp i steinurene i det karrige landskapet, er bregna hestespreng. Namnet har ho fått fordi ho er giftig, og hestane får kolikk om dei et henne. Botanikar treng ein ikkje vera for å kjenna att blåbærbuskene. Det er masse blåbær i Stølsheimen, og den solmetta 2021-årgangen er utsøkt.

Turlagshyttene har det som trengst
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Kompromiss som glitrar. Stølsheimen er ikkje berre natur, det er òg kulturhistorie. Dei menneskelege inngrepa som vi ser spor av i gamle stølar og beiteområde, er det ikkje mange som rynkar på nasen over. Dei nyare og meir grovhendte inngrepa er det litt annleis med. Anleggsvegane, kraftlinjene, dei nedtappa vatna med dei ruvande demningar - desse maskinlaga steingardane - er ikkje utan vidare like omtykte. Det har vore kamp om Stølsheimen. Vern sto mot utbygging. Det slår meg at det resultatet vi har i dag, er eit godt kompromiss på mange måtar. Du kan gå langt utan å sjå skjemmande inngrep. Du kan drøyma deg bort og tru at alt er natur, fortid og idyll. Det kan vi takka naturvernarane for. Men vi kan òg gleda oss over store mengder rein, fornybar energi frå vasskrafta i dette området. Det kan kan vi takka utbyggjarane for. Stundom er kompromisset gull.

Gjestene som kjem i mørkret. Av og til kjem det uventa gjester til hytta. Vi trudde vi skulle vera åleine på Brydalsetra. Mørkret hadde sige på og ein unik middag med mexikansk kjøpegryte, kortreist kantarell og nærplukka tyttebær var fortært. Brått var det nokon som romsterte utanfor hyttedøra, og inn i gangen kom to væpna menn i kamuflasjedrakter.

Stølsheimen i septembersol
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Det var jegarar. Farlege for hjorten, men ikkje for oss. Våre jegerar hadde slite hardt i dei bratte liene utan å leggja ned noko bytte så langt. Vi sat att med inntrykk av at det er eit slit å jakta hjort med ei tyngjande bestillingsliste. Då er det meir sutalaust å vera fri, frank og våpenlaus ferdamann.

Den siste kvelden kom det òg gjester til hytta etter at mørkret hadde senka seg. Ei ung dame med hund og telt hadde teke seg fram siste del av turen med hovudlykt. Når foten blir vrikka, ryk tidsskjemaet. Men ho var nok ein tøff sort og kom seg heilskinna fram så ho kunne slå leir.

Stølsheimen lever sitt liv både natt og dag. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar