mandag 25. januar 2021

For spesielt interesserte

Stadbunden informasjon (foto: Arve Kjell Uthaug)
For eit par dagar sidan var eg innom den lokale gjenvinningsstasjonen ein stad i Nordhordland. Der støytte eg på dette oppslaget, som venleg fortalte meg kor eg skulle leggja frå meg farleg avfall.

No anar eg at mange raudblyant-menneske er klare til å peika på feil i oppslaget. Følgjer ein standard rettskriving, er det unekteleg eit par skrivefeil der. Men vent no litt. Gløym feila ei lita stund. Oppslaget er først og fremst eit vakkert lite språkstudium.

Ikkje misforstå. Eg meiner vi skal vera nøye med språk. Særleg bør lærarar, som har ansvaret for opplæringa av neste generasjon, vera nøye med språk. Ikkje minst bør norsklærarar ta dette alvoret inn over seg. Og profesjonelle formidlarar som journalistar og forlagsfolk bør leggja vinn på eit språk som er både godt og mest mogleg feilfritt. Dei lever trass alt av ord. 

Men elles må vi vel kanskje innrømma at vi skriv litt feil dei fleste av oss. Det gjeld òg oss som er spesielt interesserte i språk, og som gjerne er blitt velsigna med ei lang, teoretisk utdanning attpå til. Sjølv er eg framleis usikker på det der med "lenger" og "lengre" - og det etter eit langt liv med ord. At eg ikkje har lært dette enno, må nok skuldast ein kombinasjon av passe dose latskap og ditto inkompetanse. Dessutan har eg alltid hatt litt problem med dobbeltkonsontantar. På det feltet har eg nok kome meg, men framleis kan eg lura på om det skal vera dobbeltkonsontant i eit ord der svaret synest å vera sjølvsagt for mange andre.

Feil gjer vi alle. Eit litt strengt blikk ville avslørt feil i dei fleste tekstar vi leverer frå oss.

Men vi må tilbake til oppslaget på attvinningsstasjonen. Det er nok ikkje tilfeldig at akkurat dette oppslaget heng på ein stasjon nær Bergen. Som kjent har mange bergensarar lenge kunna "ligge i ovnen" og "sitte på kjelen". Omstokkinga av liggja og leggja, og av sitja og setja, er nok i dag vanleg langt utanfor bygrensene. 

Den neste feilen, om vi skal følgja vanleg rettskriving, er forma "sortera" brukt som presensform av verbet. Både på bokmål og nynorsk skulle det her ha stått "sorterer". Her er det heller ikkje bergensdialekten som har slått inn, for der er det vanlege at ein "sorterar". I oppslaget vårt sluttar ordet på ein -a, og utan r bakom, akkurat som i tradisjonell striledialekt.

Så dei som laga dette oppslaget, har ikkje først og fremst gjort feil, men dei har presist avfotografert ei språkutvikling og ein språksituasjon, der bergensdialekt breier seg utover samstundes som den gamle striledialekten òg lever i dette området. I staden for ein kjedeleg-korrekt plakat, som du kunne funne maken til kor som helst i landet, har vi fått eit lokalt oppslag godt rotfesta i den bynære strilekulturen.

Takk.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar