søndag 6. desember 2020

Kule ord (67): lasen

Ho ser litt lasen ut. (Kunstnar:Jules
Bastien-Lepage, frå nasjonalmuseet.no)

- Eg vart so lasen. 

Dette ordet har eg frå foreldra mine, som kjem frå Fedje og Austrheim, og som begge er i slutten av åttiåra. Dei hadde vore på bytur her hin dagen, og då kan jo nokon kvar kjenna seg "lasen" etterpå. 

Nynorskordboka opplyser at ordet kan tyda lealaus (eit lase bord), sliten og fillete (ei lasen bok) eller "trøytt, sliten, matt, skral". Norsk Ordbok har endå litt større nyansebreidde i meiningane av ordet, og nemner òg "doven".

Ordet kjem frå det norrøne "lasinn" (skrøpeleg, veik). Nynorskordboka meiner det er ein samanheng mellom ordet vårt og det engelske "lazy" (doven). Frå folk som veit meir om engelsk språkhsitorie enn meg, og som har rådført seg med Oxford English Dictionary, har eg fått vita at forskarane ikkje er sikre på opphavet til ordet "lazy". Det kan ha kome inn i engelsk direkte frå det norrøne ordet som ligg bak vårt "lasen", eller det kan ha kome til engelsk frå nederlandsk eller lågtysk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar