Dette ordet ser ut til å ha vorte ein nasjonalskatt på linje med ostehøvelen, kongehuset og matpakke-lunsjen. I skuggen av denne populariteten har ordet fått ein utvida og til tider annleis bruk enn det hadde. Våre føresette i politikken og styringa av landet fortel oss dagstøtt kor viktig det er at vi alle er med på dugnaden for å koma oss heilskinna gjennom korona-pandemien, og dei prøver å oppmuntra oss og skapa god stemning med å fortelja kor flinke vi (nesten) alle er til å gjera vår del av denne dugnaden. Vel, kanskje heilt til byrådsleiar Raymond Johansen i Oslo ein uvakker dag med høge smittetal slo fast at "dette er ikke lenger noen dugnad, dette er alvor". Som om dugnad ikkje var alvor.
Frå min eigen barndom heng orda dugnad og bedehus tett saman. Det lokale bedehuset på Kyrkjekrinsen skulle byggjast ut, og det vart lagt ned ein stor og trufast innsats på dugnad. Ikkje minst gav slike dugnader eit rom for at mannfolk kunne vera i lag og ta eit tak for den gode sak. Som mange vil hugsa, vart jo byggjearbeid i dei dagar rekna for mannfolk-arbeid (slik er det nok stort sett i dag òg, men - hysj - ikkje sei det til nokon). Far min fortel at det ein dag var samla fire mann som alle heitte Gunnar, på eit sjølvlaga stillas på denne dugnaden. Stillaset vart nok reist litt kjapt og lettvint, for det ramla ned mens alle gunnarane sto oppå. Det må ha gått bra, trass alt, for så vidt eg veit lever dei alle enno. Forresten ser det ut til at skikken med å byggja bedehus på dugnad òg lever, slik denne artikkelen i Dagen viser.
I utgangspunktet var dugnad ei ordning med bytte av arbeidsinnsats i lokalsamfunnet når ein trong krefter ut over det eigen familie kunne stilla. Dugnaden var frivillig (men forventa), gjensidig og ubetalt. Ordet "bytesarbeid" har vore brukt.
For litt sidan kom eg over eit interessant lite skrift som tek føre seg tun og husbygging på gardane rundt om på Vestlandet i gammal tid: Innberetning om Kulturgeografisk Registrering på Vestlandet med oversikt over de foreløbige resultater (Bergens Museums Årbok 1943, Robert Kloster og Borghild A. Frimannslund). Der står det òg ei lita oppsummering om dugnaden i husbygginga på gardane. Svara dei samla inn, var samstemte frå heile Vestlandet om at dugnad vart brukt til tre viktige oppgåver når det skulle reisast bygningar. For det første trongst det ofte dugnad når byggjematerialet skulle fraktast. Og når grindene, dvs. reisverket, i løene skulle opp, vart dette gjort på dugnad, for her trongst det mange mann samtidig. For det tredje var det vanleg med dugnad til taktekkinga. Her måtte det gå fort, og ein skulle helst unngå både vind og mykje sol under arbeidet. Ifølgje årboka frå Bergens Museum var dette den aller kjekkaste av dugnadane, med mykje folk i alle aldrar, og frå Nordhordland kjenner ein ordet "tokeveitle" (tekkingsfest).
Årboka summerer opp mykje viktig om dugnadsinstitusjonen gjennom ein rapport frå Hardanger: "(D)et var nærast so ei plikt, eller bytesarbeid, men det var lett å få folk til dugnad, for var det so at ein trong hjelp sjølv, so visste ein kor ein skulde av, og so var det no både god mat og drikka å få ved slike høve." (s. 124 i årboka).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar