Erna Solberg er "ganske nazi". (Foto: Tore Sætre, Wikimedia) |
Litt reaksjonar kom det på bruken av ordet nazi. Sp-leiar Vedum meinte det var litt spesiell språkbruk frå statsministeren. KrF-nestoren Knut Arild Hareide ville sjølv ikkje ha valt akkurat same orda som det sjefen hans gjorde. Og Ap-leiar Støre freista å blåsa saka opp gjennom å be statsministeren beklaga ordvalet.
Kanskje seier dette noko om at denne bruken av nazi ikkje er like vanleg over alt i landet? I alle fall slår den ubotferdige statsministeren fast: "For meg, og i Bergen, er dette et vanlig uttrykk å bruke på det å være streng". Det trur eg ho har rett i. Inntrykket mitt er at uttrykket er ganske vanleg i bergensområdet, sjølv om nok enkelte også der framleis hevar litt på augnebryna og oppfattar det som å ta litt vel sterkt i.
Per 7. oktober 2020 er ikkje statsministerens tyding av ordet nazi komen med i verken Nynorskordboka, Bokmålsordboka eller Norsk Ordbok på nettet. Derimot har Det Norske Akademis ordbok fått med seg denne tydinga:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar