fredag 25. september 2020

Definisjons-makt

Skjermdump av Store norske leksikon frå 25. september 2020.

Kva er religion? Dei fleste av oss meiner nok at vi veit litt om kva religion er. Vi kjenner att fenomenet når vi møter det. Samtidig kan det vera vanskeleg å definera religion presist, for omgrepet er både vidt og mangslunge.

At definisjonane kan vera forskjellige, tyder likevel ikkje at alle definisjonar er like gode. Eller gode nok. Eg må tilstå at eg vart overraska då eg las det som står i Store norske leksikon under oppslagsordet religion. Artikkelen innleier med å slå fast følgjande: "Religion, menneskers forhold til noe som er utenfor virkeligheten, som de anser for å være hellig". Det siste her er greit, men det første er - med all respekt - lite seriøst. Sjølvsagt kan vi ikkje definera ordet religion som forholdet til "noe som er utenfor virkeligheten". Det som er "utenfor virkeligheten", er ikkje verkeleg, med andre ord det finst ikkje. I alle fall ikkje som noko meir enn ei forestilling.

Eg kjenner ingen - verken kristne, muslimar eller tilhengjarar av andre religionar - som meiner at religionen deira handlar om forholdet til noko som ikkje er verkeleg. Vi som trur, trur på noko vi meiner er verkeleg. Ein ateist vil nok dela oppfatninga som blir uttrykt i definisjonen i Store norske leksikon. Men vi forventar vel alle ein viss objektivitet i definisjonane i Norges kanskje viktigaste leksikon? Slik Store norske leksikon forklarar ordet religion, er det bygd inn ein antireligiøs polemikk i sjølve definisjonen av ordet. Det er for dårleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar