torsdag 24. september 2020

Kule ord (64): blått lys

Nålyset varsla ille i folketrua (Illustrasjon: Theodor
Kittelsen, www.nasjonalmuseet.no/samlingen,
illustrasjonen er fargemanipulert)
Nemner du "blått lys", dukkar ulike tankar opp. Nokre tenkjer på utrykningskøyretøy med blålys på taket og sirener. Andre er meir inne i data- og skjermverda og får opp bilete av datmaskiner, mobilar og andre skjermar som strålar ut blåleg lys.

Men av og til brukar vi uttrykket at det brenn eit blått lys. Då handlar det ikkje om skjermlys eller ulande politibilar, men om at det går mot slutten for noko eller nokon. Bakgrunnen for uttrykket er både uhyggeleg og fascinerande. For i den gamle folketrua fanst det ei forestilling om nålys, som varsla at nokon var feig - dvs. feig i den gamle tydinga at dei snart skulle døy. Folkeminnegranskaren Svale Solheim gjev denne forklaringa i ærverdige Norsk Allkunnebok (1948-66):

nåljos (av gno. nár, dauding, og ljos), vanleg namn på blått ljos som folk tyktest sjå, og som varsla dødsfall. Sume meinte at n. helst gav varsel for born som skulle døy. Ljoset var då tenkt å vera sjela av ein tidl. avliden som venta at barnet skulle koma etter. Stundom heiter det at dei som vart varsla av n., skulle bli sæle. N. kunne syna seg både inne og ute, ofte over el. nær ein person. Det kunne tyda at vedkomande sjølv var feig, men varslet kunne også gjelda ein annan i same huslyden. Regelen var at folk såg n. over dei stadene der nokon skulle døy, over gardar el. einskildhus på garden, over stader i utmarka der nokon skulle koma bort, el. over sjøen, serleg føre uver. N. vart også kalla daudmannsljos og draugljos. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar