fredag 18. september 2020

Kule ord (63): halvemål

Kanskje snakka dei halvemål gamlekarane som ein gong
rodde fisket her utanfor Skogsøynæ i Øygarden? No er dei
borte, og det er nok halvemålet òg (foto: Arve Kjell Uthaug).

Menneskelivet er som eit pust i sivet, heiter det. Det gjeld for talemålet vårt òg. Ein del av det som var daglegspråk i enkelte lokalsamfunn få generasjonar tilbake, er i nokre tilfelle heilt borte i dag. Slik er det med det vi kallar halvemål, som levde i lokale lommer på Vestlandet for nokre mannsaldrar sidan, m.a. i Øygarden. Særmerket med denne språkvarianten var bruken av pustelyden "h". For i halvemålet fall h-en vekk i starten av ord. Samstundes dukka h-lyden gjerne opp andre stader der vi andre ikkje har denne lyden. Dermed kunne ein som brukte halvemål, seia at "esten gjekk og beita på ei høy ute i avet" i staden for at "hesten gjekk og beita på ei øy ute i havet". 

Eg tvilar på halvemålet finst i dagleg bruk den dag i dag. Men har nokon ein gammal oldefar som kan motprova denne påstanden, blir eg veldig glad. (PS: oldefaren må vera levande).


1 kommentar: