søndag 31. mai 2020

Kule ord (62): på ventefot

På ventefot? (foto: By KSKarthikSiva - Own work,
CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=90697080
Finst det ein ventefot, på same måte som det finst ein talefot, ein krigsfot, ein godfot og ein flyttefot?
Eg trur ikkje det "å vera på ventefot" finst som eit fast uttrykk i norsk. I alle fall har eg ikkje funne det i ordbøkene. Rett nok finst det foto på verdsveven der folk har knipsa ein fot som ser ut til å venta, og hengt biletet på emneknaggen "ventefot". Men då handlar det meir om ein kroppsdel enn om eit fast uttrykk.

Derfor var det eit høgdepunkt å lesa følgjande i ein e-post for eit par dagar sidan: "Når det gjelder (....) har vi vært på ventefot". Av samanhengen går det fram at ho som skriv dette, har venta på ei endeleg avklaring av eit spørsmål.

For meg ser dette ut til å vera ei nylaging av eit uttrykk etter mønster frå liknande språklege bilete, som det å vera på flyttefot. Ekstra interessant er det at ho som brukar uttrykket, ikkje har norsk som morsmål. Ho skriv godt forståeleg, men ikkje perfekt norsk. Kanskje er det slik at det å kjenna eit språk godt, men ikkje meistra det fullgodt, skaper eit kreativt rom? Oppdagaren finn andre vegar enn kjentmannen, som har vore der før og veit akkurat kor han skal.

Så vil tida visa om "på ventefot" er eit ordlag som får leva lenge i landet.

1 kommentar: