tirsdag 12. mai 2020

Kina - den gongen òg

Kina kjem vi ikkje utanom. Ikkje berre på grunn av korona-viruset, som spreidde seg derifrå til resten av verda, men fordi landet er ei mektig stormakt på veg opp. Kina lokkar, skremmer, viser økonomiske musklar og får statsleiarar til å gå på tå hev. Interessa for dette riket er sjølvsagt ikkje ikkje ny. 

På slutten av 1800-talet og nokre tiår inn på 1900-talet flytta ei rekkje nordmenn til Kina. Det er ikkje minst desse menneska denne boka fortel om. Dei var handelsmenn, eventyrarar, nordmenn som gjekk inn i det kinesiske tollvesenet og misjonærar. Med utgangspunkt i eit forskingsprosjekt ved Universitetet i Bergen fortel Møter med Kina - norsk diplomati, næringsliv og misjon 1890-1937 om denne varierte blandinga enkeltmenneske, og om kontakten mellom to kulturar. Boka kom ut på Fagbokforlaget i 2018 og er redigert av Camilla Brautaset (Universitetet i Bergen), Malin Gregersen (Linnéuniversitetet) og Karina Hestad Skeie (NLA). 

Misjonærane var den største gruppa av norske fastbuande i Kina. Og fleirtalet av misjonærane var kvinner. Boka løftar fram eit par av desse. Marie Monsen frå Sandviken i Bergen er godt kjend, og ho har fått sitt kapittel i boka. Boka fortel om då skipet ho var på, vart kapra av sjørøvarar, og med god grunn får ho karakteristikken "en from tøffing". Anna Jakobsen Cheng frå Kristiansand var av dei første norske misjonærane til Kina. Ho fór dit allereie i 1886, gjorde furore gjennom å gifta seg med ein kinesar og kan ikkje ha hatt eit enkelt liv. Sterkt er òg det innblikket vi får i livet til den kinesiske bibelkvinna Tosao. 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar