onsdag 8. april 2020

Kule ord (61): nevast

To som nevast (foto: Carl Albert Research and Studies Center,
Congressional Collection
)
Å nevast er det same som å handhelsa. Dermed er det eit høgst aktuelt ord i desse tider når både dei som styrer landet, og dei som steller med folkehelse, bed oss om å ikkje handhelsa. Livet er slik sett fullt av ironi, for det er ikkje lenge sidan ein muslim mista jobben her til lands fordi han ikkje ville nevast med kollegar av motsett kjønn. Men det var av religiøse grunnar, ikkje av helseårsaker. Dessutan går vi no alle i flokk, mens han våga å skilja seg ut frå flokken. Det kom i strid med likestilling og norske verdiar, vart det hevda, og dermed var det haram.

Men tilbake til noko kjekkare. Eg kom over ordet nevast i den flotte vesle biografien Johannes Kvalheim gav ut for sytti år sidan om den originale lekpreikaren Lars i Njøtæ frå Austrheim. Heilt i starten fortel forfattaren om ein episode der Lars er i Bergen. Og for dei som ikkje er vane med sjargongen, er "lesar" her det vi i dag gjerne ville kalla ein bedehuskristen:

I dag råka han ein unggut frå Masfjorden. Mange gonger hadde Njøten butt i heimen til far hans. Faren var ein ekte lesar, men guten, som og heitte Lars, heldt ikkje lag med bønefolket. Dei nevast og takka for sist. Lars Njøten hadde etla seg i "Betlehem" den kvelden. Difor orda han frampå med den andre.
- Signe deg, Lars, ver me' øss på møte! -
- Nei - - - eg trur ikkje det. De er så mange likevel. -
- Nei, signe deg, Lars, ver me øss, me treng så overhændigt månge. - 

(Johannes Kvalheim: Lars Njøten, 1950 s. 7)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar