Her har preposisjonen "ved" teke seg litt til rette (Foto: Arve Kjell Uthaug) |
Faktisk har eg lyst til å løfta ordet litt opp i dag. Inntrykket mitt, og det er berre eit inntrykk, er at det stundom kjem litt i skuggen av og vert oppfatta som litt simplare enn slektningen "ved". Eit nyttig ord det òg, sjølvsagt. Vi treng begge. Men stundom vert "ved" brukt hyperkorrekt i staden for "med", slik tilfellet er på dette skiltet. Eg vil meina at skiltet til Christie Café i Bergen er utstyrt med feil preposisjon. Det skulle stått "med".
Andre gonger er det valfritt, og "med" og "ved" kan brukast om einannan. Inntrykket mitt er likevel at det siste ordet stundom har ein tendens til å sjalta ut det første i skrift, sjølv der "med" er likså mykje brukt i daglegspråket. Det går fint å skriva "nede ved sjøen", og det går like fint å skriva "nede med sjøen". Men eg er trygg på at både far min og farfar min ville sagt "ne me sjødn". Altså brukt preposisjonen "med". Å seia "ved" i denne samanhengen er litt som å draga trollgarn med silkehanskar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar