torsdag 5. desember 2019

Kule ord (57): pytt-pytt-foreldre

Foreldre finst i mange variantar
(Foto: Amolnaik3k, frå Wikimedia
Commons)
Det finst mange slags foreldre. Tigermamma og curlingforeldre er ord som har vore i vinden dei seinare åra. I dag vil eg presentera det som må vera eit nyord, og det er Karen Sofie Uthaug som er opphavskvinna. Kven veit, kanskje det slår gjennom og hamnar i ordbøkene ein vakker dag?

Pytt-pytt-foreldre er ordet. Det er den rake motsetninga til hønemor. Pytt-pytt-foreldre tek ikkje så lett på veg for ting, og tenkjer generelt at "det går bra, eller så går det over". Takk til Karen for både ordet og definisjonen ;-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar