Dette har falle BBC tungt for brystet. For å manna seg opp er å vera tøff og modig i ein vanskeleg situasjon, og er det ikkje diskriminerande å knytta slike beundringsverdige eigenskapar til menn? BBC har laga ein artikkel der tre av dei fire som slepp til, kritiserer bruken av uttrykket i til dels skarpe ordelag. Den personlege favoritten min her er Michael Conroy i organisasjonen Men At Work (ei ny minoritetsgruppe?) som seier: "Today, tomorrow and the day after, I'll be talking to young men about how phrases like 'man up' are harmful and asking them what they think about it." Rekkjefølgja i det ein seier er stundom veldig interessant.
Sjølv synest eg dette er eit flott uttrykk. Ikkje fordi kvinner ikkje er modige, for det er dei sjølvsagt, og kanskje like ofte som menn. Heller ikkje fordi menn alltid skal barska seg opp, og aldri få gråta mot ei skulder. Men uttrykket er vakkert nettopp fordi det knyter maskulinitet til noko positivt. For å vera mann er ingen ting å skamma seg over, tvert imot. Og kvifor skal ikkje det mandige kunna koplast til verdiar som mot og djervskap? Menn får her ei oppmoding om å la mot følgja styrke. Vis ansvar, våg å ta støyten. Styrke treng mot og integritet som følgjesveinar. Mann deg opp.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar