søndag 5. mai 2019

Ulvik er òg eit midtpunkt

Olav H. Hauge-senteret i Ulvik (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Det er ikkje til å koma ifrå, det. I Ulvik kan det vera stilt. Slik det var der i dag, ein kald og smågrå søndag tidleg i mai. Her rammar fjord, mektige fjell og bratte bøar inn eit fredfylt og tyst sentrum. På kyrkjegarden kring den kvite kyrkja putlar skjorer og måsar på med sitt. Eg mistenker at eit av måsepara hadde planar om å para seg der inne i kyrkjegardsgraset. I så fall vart det gjerne ikkje større uorden og spetakkel i sentrum av Ulvik denne søndagen. 

Like attmed kyrkja finn ein òg eit senter til ære for diktaren Olav H. Hauge (1908-1994). Her òg var det stilt, men likevel litt meir liv enn dagen før. Då hadde berre to personar notert seg i gjesteboka. Det kan jo ha vore innom nokon som ikkje noterte seg i boka. Eg er likevel glad ingen har gitt meg oppdraget med å rekna på reelle kostnaden per museumsgjest. Forresten var kafeen i kjellaren stengt om søndagen på grunn av konfirmasjon.

På den andre sida. Det er noko eige med å koma til ein utkant - til og med ein fantastisk vakker utkant - og finna ei lita perle slik som Olav H. Hauge-senteret. Museumslokala er ikkje store, men dei er tettpakka med ord om og av denne ruvande diktaren. Både dikta hans og sitata frå dei omfangsrike dagbøkene gjev stoff for både tanken, lengsla og fantasien. Interessant er det òg at dette diktekunstens flogvit i periodar var psykisk sjuk og innlagt på psykiatrisk sjukehus. Psykiatrien var ikkje komen så langt på denne tida - og det er ikkje vanskeleg å vera samd i den biografiske omtalen på museet som viser til at Hauge "heldigvis slapp" å bli lobotomert.

Skrifta på glaset, med fjorden bakom (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Det er eit svært verbalt senter dette, og det høver vel godt når det er reist til minne om ein ordkunstnar. På senteret finn ein mellom anna mange små skåp, der ein møter nye, spennande tekstar når den vesle døra vert svinga og skåpet opnar seg. Elles er det ikkje til å koma frå at nokre av dikta til Hauge kan vera litt krevjande på grunn av det rike, varierte - og stundom gammaldagse - språket. Litt ordforklaringar må ein leita fram. Andre dikt er svært enkle å forstå. 

Er det verd å bli betre kjent med Olav H. Hauge? Det må sjølvsagt den enkelte finna ut for seg sjølv. Til dei som lurar på dette spørsmålet, tek eg med eit lite utdrag frå ei av dagbøkene hans. Eg tenkjer at dersom du synest dette vesle sitatet er tåpeleg og uinteressant, så kan du la dikta hans liggja. I motsett fall, kan du godt finna dei fram:

Eg gjekk framum katten i døri ein dag - ikkje heime, men burte på brotet - utan å segja noko. Det var berre katten som sat der, men kanskje han hadde venta eit ord han òg - det kjende eg etterpå. (Dagbok, 19. mai 1955)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar