onsdag 6. mars 2019

Solrenningstonen

(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Alle kjenner songen, eller salmen Morning has broken. Anten det er Cat Stevens eller andre artistar som kling i bakgrunnen, så er både melodien og teksten kjent og kjær. Mange har etter kvart òg sunge den norske attdiktinga, signert Eyvind Skeie, som står i den siste utgåva av salmeboka.

Vi snakkar eigentleg om to tekstar til éin melodi, for å vera heilt presise. Og vi må til dei indre Hebridane på den skotske vestkysten for å finna røtene til denne salmen. Sørvest på øya Mull, ei av dei største i dette veldige øyriket, ligg den vesle landsbyen Bunessan. Nokre få minuttar med bil vestover ligg Fionnphort. Derifrå er det berre ein kort ferjetur over sundet til ein står på Iona, det som ein gong var St. Columba sitt rike.

Men tilbake til Bunessan. Litt utanfor denne litle landsbyen ligg Ardtun, og der budde småbrukarkona Mary Macdonald. Der vart ho fødd i 1789, og der døydde ho i 1872. Mary skapte poesi, og ho gjorde det på gælisk, som var morsmålet hennar. Den gongen var gælisk mykje meir utbreidd enn det er i dagens Skottland. Macdonald var forresten ein from baptist, som dikta salmar og vers som ho song ved rokken. Den mest kjende songen hennar heiter Leanabh an aigh. Lachlan Macbean omsette songen til Child in the manger då han gav ut Songs and Hymns of the Scottish Highlands i 1888. Tonen var ein skotsk folkemelodi, og han vart heitande "Bunessan" etter landsbyen like ved der Mary budde.

Det er altså denne teksten - Christ in the manger - vi har frå Mary Macdonald. Artisten Rune Larsen har framført ei norsk omsetjing som byrjar slik: "Frelser i stallen, sønn av Maria, ett med hver fallen synder på jord". Dei som har gamle Rune Larsen-kassettar liggjande, kan leita der. Songen finst på innspelinga "Julegleder for hele familien", og er dessutan tilgjengeleg på YouTube. Ifølgje informasjonen som er lagt ut på YouTube, er det Per Lønning som har gitt oss denne norske teksten. Dette er likevel ikkje den einaste attdiktinga til norsk. Omsetjaren og salmediktaren Arve Brunvoll i Åsane har òg laga ein norsk tekst. Denne er ikkje prenta nokon stad, men med løyve frå Brunvoll gjev eg att det første verset her:


BARN, der du kviler,
heimlaus i verda,
englane smiler,
lovar deg.
Barn, som skal bere
synda vi gjorde,
barn, du skal vere
alt for meg.


Så her har vi Mary Macdonald på norsk. Songen slik vi har han frå MacDonald, har eigentleg fire vers. Både hjå Larsen og Brunvoll er det andre verset utelate, slik det òg er vanleg mange andre stader. Dette andre verset viser den prakt og komfort jordiske fyrsteborn vert fødde inn i, som ein kontrast til Jesu liv, og minner om at denne jordiske prakta er forgjengeleg.

Men så var det den andre teksten, Morning has broken, eller Nå er det morgen, som han heiter på norsk. Melodien er den same vare og glade, men teksten ein annan enn den vi har frå Mary Macdonald. Eleanor Farjeon heiter tekstforfattaren. Der Child in the Manger prisar frelsaren Kristus, han som både steig ned og er opphøgd, sitrar Morning has Broken av glede over skaparverket og den daglege nyskapinga. På mange måtar utfyller dei to tekstane kvarandre på ein fin måte.

Forresten er Nå er det morgen ei fin påminning om at vi snakkar om attdiktingar, ikkje nøyaktige omsetjingar. Det er berre å leggja Eyvind Skeie sin salme attmed den engelske originalen Morning has broken, så ser ein at dei to forfattarane til dels har ønskt å få fram litt ulike ting. Mest gjeld dette det tredje verset, som er temmeleg forskjellig i dei to utgåvene.

Men tilbake til Mary Macdonald. I fjor sommar var eg på øya Mull, og ein av dagane reiste vi sørvest og tok båten til øyane Staffa og Iona. Kjente reisemål begge to. På vegen dit køyrde vi gjennom Bunessan, men eg visste ikkje om Mary Macdonald, og ante ikkje at denne fantastiske melodien har sine røter der. Kjem eg dit ein gong til, vil eg stoppa i Bunessan og helst òg koma meg ut til Ardtun for å sjå ruinane etter huset der Mary budde. Denne småkårskvinna la att etter seg ein vakrare og varigare arv enn mange av godsherrane og stormennene som rådde rundtom på øyane i vest.

Litt meir om Mary Macdonald finst her: The Biographical Dictionary of Scottish Women (2006) og nettstaden Undiscovered Scotland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar