søndag 17. mars 2019

Kule ord (52): pyntemusklar

Pyntemusklar eller bruksmusklar, det er spørsmålet.
(Foto: Spc. Christopher Wellner, frå Wikimedia Commons)
Dette ordet finst der ute på den store verdsveven, det er berre å spørja Google. Finn Schjøll er ein av dei som har brukt det:

– Menn fokuserer kun på det utvendige, vi går på treningsstudio, og det vi oppnår er pyntemuskler, sier Schjøll.

No meiner eg dette er ein karikatur av mannen og korleis mannen tenkjer. Det snedige med karikaturar er jo at dei generaliserer på ein måte som får tydeleg fram eit poeng, men på ein unyansert og kanskje urettferdig måte. Nok om det. "Pyntemuskel" er eit bra ord uansett. Ikkje noko vondt sagt om verken treningsstudio eller det å byggja musklar. Slik eg forstår ordet pyntemusklar handlar det om å byggja (eller blåsa) opp musklar som skal visast fram heller enn å brukast. Det er alså først og fremst intensjonen som gjer musklane til "pyntemusklar".

Då er det sjølvsagt noko heilt anna med bruksmusklar. Det er vi for.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar