lørdag 26. januar 2019

Kule ord (51): krenkekrøll

Krenkekrøll ved Københavns universitet.
(foto: xiquinhosilv,Wikimedia Commons)
Eit ord for vår tid, dette her. Eg kan ikkje hugsa å ha sett det før det dukka opp i UiB-avisa På Høyden for eit par dagar sidan. Den nettbaserte avisa fortel at Københavns Universitet ei tid tilbake innførte såkalla nulltoleranse for krenkingar. Men så viser det seg at denne iveren etter å skåna oss alle for krenkingar får ein del ugreie konsekvensar. "Blant annet har ansatte gitt uttrykk for at reglementet kan true ytringsfriheten, rettsikkerheten og den akademiske friheten på universitetet," skriv På Høyden.

No er det sjølvsagt folk som har svært god grunn til å føla seg trakka på, og dei skal vi lytta til. Problemet i vår tid er at dette har gått over stokk og stein. Det har festa seg ei forestilling om at dersom nokon føler seg krenka, er dei blitt krenka, og at det er samfunnet sitt ansvar å hindra at slike situasjonar oppstår. Individet sin rett til å ikkje føla seg krenka kjem raskt i konflikt med andre sine grunnleggjande rettar til å ytra seg og ta vare på eigen kulturarv. Då blir det lett krenkekrøll, dvs. forviklingar, tøys og problem. I samfunnet vårt ser dessutan statusen som krenka ut til å ha blitt eit slags priviligeium, der visse grupper har større rett til å kjenna seg krenka enn andre. Og som konsekvens får dei tildelt større makt til å styra over andre sitt språk og andre sine liv.

Døma som blir nemnt i artikkelen om Københavns Universitet er talande: Tre studentar klaga på utkledingstema som "mexicanar" og "indianar" ved ein semesteropningsfest på jusstudiet. Prodekanen ved fakultetet kravde at aktivitetane skulle stoggast. I ei anna sak var det ein undervisar med ikkje-dansk etnisk bakgrunn som kjende seg kreka av at songen "Den danske sang er en ung blond pige" frå Højskolesangbogen vart sungen på eit møte ved Handelshøjskolen i København. Det vart bestemt at songen ikkje skulle brukast på liknande samlingar i framtida. Og så var det ein undervisar i biologi som fekk vita at ein av studentane opplevde undervisninga som upassande fordi det vart vist statistikk der personar er fordelte etter kjønn. Argumentet til studenten var at ikkje alle føler seg som mann eller kvinne.

Så står det berre att å ønskja universitetet i København lukke til med å laga nye retningsliner. I tillegg kan vi kanskje håpa at universitetsfolk i København og allslags folk også andre stader legg av seg brelet og oppfører seg som vaksne menneske.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar