torsdag 20. desember 2018

Kule ord (50): takk for skiftet

Både maten og fellesskapet er viktig (foto: David Lisbona,
frå Wikimedia Commons)
Når ein seier "takk for skiftet", takkar ein ikkje berre for maten, men like mykje for fellesskapet rundt bordet. Slik oppfattar i alle fall eg uttrykket. Vendinga vert brukt når ein reiser seg frå bordet og avsluttar måltidet. Språknytt,som er Språkrådet sitt blad, skreiv litt om dette ordlaget i nr. 2-1988 og slår fast at uttrykket skriv seg frå Vestlandet. Men kva kjem det av? Her gjev eg ordet til Språknytt:

Ei forklaring på uttrykket er at det skriv seg frå den tida då maten vart delt ut (skift ut) til kvar einskild ved bordet. Folk forsynte seg ikkje sjølve av matfata, slik vi til vanleg gjer i dag. Ei anna tenkjeleg forklaring er at vendinga kan vere komen frå fiskar- og sjømannsmiljø der dei somme stader la i hop det dei hadde med seg av mat heimanfrå, og forsynte seg av eit felles matbord. Uttrykket er og kjent frå samanskotslag av andre slag.

Slik heiter det i Språknytt, som legg til at formelt kan røtene til denne vendinga vera å finna i det norrøne ordet "skipti", som mellom anna tyder "deling, utskifting, hopehav".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar