tirsdag 4. desember 2018

John Henry Newmans milde ljos

Den engelske geistlege John Henry
Newman (foto: Babouba, Wikimedia Commons)
No skal det andre mirakelet vera på plass, slik at den britiske kardinalen John Henry Newman (1801-1890) kan kårast til helgen i den katolske kyrkja. Kanskje vert han utropt til helgen neste år? Eg forstår meg ikkje så veldig på katolsk helgenkåring, men Newman set eg høgt, og enno merkar vi det milde ljoset frå ein av salmane hans.

Vi er mange som har høyrt, gledd oss over og sunge med i salmen "Lei, milde ljos". Sjølv hugsar eg godt den sterke og vakre framføringa i Melandkyrkja for eit par år sidan, der Linda Røyseth Sandhåland song og Haakon Aase følgde henne på trekkspelet. Eg trur denne salmen har betydd mykje for mange menneske, og vi veit han har vore med i ein del heilt spesielle situasjonar der liv har stått på spel.

Stand by i Middelhavet 
John Henry Newman var fødd i London. Han opplevde ei kristen omvending som femtenåring, og vart seinare prest i Den engelske kyrkja. I utgangspunktet høyrde han heime i den lågkyrkjelege eller "evangeliske" leiren, men etter kvart utvikla han seg i anglo-katolsk retning. Church of England spenner vidt, og anglo-katolikkane er dei som ligg tett opp til, men utan å gå over til den romersk-katolske kyrkja. Newman tok etter kvart dette steget òg. I 1845 konverterte han til den romersk-katolske kyrkja, og han vart seinare kardinal.

Salmen Lead Kindly Light skreiv han tidleg i livet. På ei reise til Sør-Europa i 1833 vart han først liggjande sjuk, og deretter låg han verfast i Middelhavet. Der vart salmen til.

Hognestad og Stille stunder
Når dette òg vart ein norsk salme, så er det Peter Hognestad å takka. Biskopen, jærbuen og målmannen Hognestad omsette den engelske teksten slik at vi fekk "Lei, milde ljos". Dette er forresten ikkje einaste fulltreffaren til Hognestad, som òg omsette "Fager kveldssol smiler" og "Det hev ei rose sprunge".

Ein artig parantes er det at Hognestads norske versjon første gongen vart trykt i 1914 i det oppbyggjelege bladet Stille Stunder. Dette er eit kristeleg blad på nynorsk, som starta opp i 1889, den gongen nynorsken var eit nymotens og radikalt påhitt. Bladet held det gåande enno, og faktisk fekk eg ein enkel reklame for bladet i hende for nokre veker sidan. Eg kjenner ikkje Stille Stunder noko særleg, og det masar seg heller ikkje innpå deg med kreativ grafikk og moderne sprell. Men slitesterkt må det vera, og så utrendy at eg har valt å abonnera det neste året.

Dødsdom på Grini
Menneske har sunge "Lei, milde ljos" eller "Lead Kindly Light" i dei mørkaste stunder. Wikipedia fortel om fleire slike historier: Betsie ten Boom song denne salmen på veg til konsentrasjonsleiren ho aldri kom ut att frå. Songen lydde både ombord på Titanic og frå ein av livbåtane.I 1909 var det ei stor gruveulukke i West Stanley Colliery i Durham i England.  168 menn og gutar miste livet etter eksplosjonar i gruvene. Men ei gruppe overlevande hadde funne ei lomme med rein luft. Nokre få fekk panikk, tok seg vidare på eiga hand og døydde av forgifting. Men dei fleste vart verande og venta saman i mørkret  under bakken. Ein av dei tok til å nynna "Lead Kindly Light". Straks song alle gruvearbeidarane med: "Lead Kindly light amidst the encircling gloom, lead thou me on, The night is dark, and I am far away from home". Etter 14 timar vart 26 karar berga opp. 

Men òg her heime har denne salmen ei sterk historie knytt til liv og død. Mange hamna på Grini under krigen på grunn av motstanden sin mot nazistyret. Mellom desse var ei gruppe unge menn der fleire var hadde vore leiarar i det kristne arbeidet. Boka Pro Patria: til minne om studenter som falt i kampen for Norges sak (1945) fortel om den sommardagen då desse unge mennene hadde fått dødsdommen og berre hadde kort tid att å leva:

Men det ble sent i celle 21 denne kvelden, for disse sang kvelden utover, og det tonet gjennom fengselsmurene til cellekameratene som satt over og under: Navnet Jesus blekner aldri, tæres ei av tidens tann - og fra de kraftige mannsstemmer lød det: Leid milde ljos, igjennom skoddeeim, leid du meg fram. (s. 36)

Helgenkåring eller ikkje. John Henry Newman, og Peter Hognestad, gav oss ein salme menneske har gledd seg over i livet og støtta seg til når døden var nær.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar