tirsdag 20. november 2018

Kule ord (49): alminneleg


Statsminister Erna Solberg gjorde lukke på sjukeheimen
i Knarvik (skjermdump av artikkel i avisa Nordhordland,
publisert 23. oktober 2018)
Dagens unge er blitt fortalde at dei er gode nok, og ikkje berre det, men at dei rett og slett er unike. Det er sant og godt, og at det er slik, har vi kanskje alltid visst. Eg trur likevel at besteforeldra til desse ungdomane fekk prenta inn ei litt anna side av saka: Du er ein av mange i eit større fellesskap, ikkje tru at du er betre enn andre, og ikkje skryt for mykje av ungane dine - dei kan få idear om seg sjølve som gjer at dei blir ufordragelege å ha med å gjera.

Då er det heller ikkje så vanskeleg å forstå at "alminneleg" for mange i denne beste- og oldeforeldregenerasjonen er eit sterkt honnørord. Alminnelege menneske høyrer til i same fellesskapet, og på like fot. Visst fanst det prestar, dokterar, direktørar og statsministrar òg den gongen dagens gamle vaks opp. Folk som i kraft av posisjon, pengar og utdanning kunne oppfattast som heva over vanlege, alminnelege folk. Då var det ein heider om desse, trass statusen og rikdomen, vart oppfatta som "alminnelege" av folk dei møtte. Det betydde at dei var liketil og ujålete å prata med, og at dei brydde seg om og skjøna seg på slikt som vanlege menneske var opptekne med. Dei gjorde seg ikkje til og brifa ikkje med titlar.

Så når statsministeren vitjar ein gamleheim på strilelandet, ligg det ein klar honnør i kommentaren frå ei av dei gamle: 


– Det var heilt fantastisk fint og kjekt. Ho er jo så alminneleg, seier Kjellaug Hindenes, ein av bebuarane på Knarvik sjukeheim som fekk sjølvaste statsminister Erna Solberg til bords under middagen tysdag ettermiddag. 
– Eg har vore litt i lag med ho i min ungdom, så eg visste no det at ho er ein av oss eigentleg. Men det er løye med det når ein kjem i disse sfærar så vert dei gjerne litt høgare enn oss andre, men det var ikkje Erna, seier ho. (Frå avisa Nordhordland 23. oktober)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar