onsdag 7. november 2018

Turen til Nordnipo og Sørnipo

Nordnipo vart skiltmerka ein småsur laurdag tidleg
i november 2018. Veret er likevel ikkje noko stort problem når ein
har godt turfølgje, som Kåre Skibenes (t.v.) og Arnt Brakstad
(foto: Arve Kjell Uthaug).
No går det skilta sti til dei to toppane like bak Melandkyrkja. Nordnipo og Sørnipo heiter dei, og er slett ikkje dei mest trafikkerte småtoppane på Holsnøy i Nordhordland. Det er nesten ein grunn god nok i seg sjølv til å leggja turen opp hit.

Skiltinga startar allereie attmed Melandkyrkja. Deretter går ferda eit lite stykke langs grusveg inn mot Bjørnestad. Så går turen langs sti, og først gjennom eit par grinder. Den som har auga for slikt, vil leggja merke til bekken som renn sjøltrygg fram under ei flott steinbru. Vidare går stien gjennom lauvskogen før du endar opp Moldekleivskaret, i ei tett klynge av granskog rundt ei lita myr. 

Moldekleivskaret
er blitt eit viktig turkryss. Herifrå går den eine stien tilbake til Melandkyrkja, den andre opp til Krossfjellet og den tredje ned til Moldekleiv. Men vår sti svingar altså oppover gjennom granskogen til dei to nipene bak Melandkyrkja. Skiltinga peikar retninga vidare frå Moldekleivskaret. Heldigvis har nokon knytt små plastremser langs løypa gjennom granskogen, for det er ikkje alltid så lett å sjå kor stien går på den nåledekte skogbotnen. 

Etter kvart kjem ein opp over granplantinga. Hjorteskiten viser kven som finn livd mellom trea. Men kven som har rota rundt og nussa borti maurtua attmed stien, er ikkje så godt å vita. Kulturminna langs vegen er kanskje smålåtne, men dei hintar til ting større enn seg sjølve: Den vesle hølen i myra minner om torvtakinga som ein gong gav brensle og varme til dei små husa i bygdene her ute. Den tette granskogen nedover liene har nokon planta. Ein og annan av pensjonistane på gardane rundt dette høgdedraget kan sikkert fortelja om den gongen dei som små var med og planta trea.

På toppen har det kome opp eit skilt som fortel at du no er på "Nordnipa". Det manglar enno eit skilt som peikar bort til toppen like bortanfor: Sørnipo, eller Melandsnipo, har det flottaste utsynet - mot Melandkyrkja, Dale og over Salhusfjorden mot Åsane-sida og Bergen. Unn deg avstikkaren bort til Sørnipo når du først er der oppe. Så kan ein sjølvsagt snu etterpå og gå ned att same vegen. Eller ein kan gå ned til Melandskaret, gjera det til ein rundtur og gå siste biten langs asfaltert veg tilbake til kyrkja på Meland.
Sleggje og staur høyrer med til utstyret når ei turløype
skal skiltast (Foto: Arve Kjell Uthaug)

Eg var så heldig at eg fekk vera med og skilta løypa til Nordnipo saman med Arnt Brakstad og Kåre Skibenes. To gode ferdafolk med ei solid ballast av lokalkunnskap.Og, berre så det er sagt, om nokon skulle vera misnøgde med avstanden mellom skilta der det er fleire over einannan, kjem vi ikkje til å ta sjølvkritikk. Vi har konsekvent brukt peikefingeren til Arnt til å måla opp avstanden mellom skilta. Så her er det gjort skikkeleg arbeid.

Ein ting til før eg set punktum. Det er ikkje så mange månadene sidan eg første gong gjekk turen opp til nipene. Det var altså før skiltmerkinga, men vi hadde god hjelp av plastremsene langs stien. Dessverre var eg litt for dristig og stakk ein snarveg til høgre, bort frå stien. Det førte oss gjennom eit ganske ulendt og bratt terreng i tett granskog. Ein hjort støytte vi òg på; han hadde sikkert rekna med å få vera i fred. Men vi kom ikkje ned mot Bjørnestad og kyrkja slik eg hadde håpa. Eg var fanga i min eigen høgrevri. Etter ein mykje lenger tur enn planlagt, såg vi endeleg ein steingard med opning inn til kultureng. Det viste seg at vi hadde sirkla rundt heile høgdedraget og endt opp på Moldekleiv.

No er det altså berre å følgja skiltinga, og då skal sjølv ikkje dårar gå seg vill.


PS
Den siste setninga var vel å ta litt hardt i, for du må nok følgja både skilting, sti og plastremser om du vil vera trygg på å finna vegen. Men eg syntest likevel det var ein fin måte å sejta punktum for artikkelen på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar