søndag 14. oktober 2018

Kule ord (48): frammed

To som padlar frammed landet. (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Det har ikkje vore så mange preposisjonar i denne serien. Frammed er ein fin preposisjon, sett saman av dei to orda fram og med. Viss nokon ror frammed land, så ror dei litt nært innmed land og dei ror (sjølvsagt) framover. Det ordet som kjem nærast, er nok langs (etter). I tillegg kan ordet ha ei litt meir stillestaånde tyding: "Presten stod frammed altaret". Her er ordet synonymt med attmed eller inntil.

Ordet frammed er ikkje med i  Bokmålsordboka, men både Nynorskordboka og store, kloke Norsk Ordbok har fått det med. (Det er sjølvsagt ingen ting i vegen for å bruka det på bokmål heller). 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar