søndag 16. september 2018

Plaga sjeler i Nord-Wales

(Foto: Paul Lakin, frå Wikimedia Commons)
Walisisk krim er i vinden. Og kvifor ikkje. Når ein har til disposisjon eit så vakkert land, med så mange avgøymde krinkar og krokar og einslege gardar, med eit verdsspråk (engelsk) som lever side om side med eit stolt heimespråk (walisisk) - ja, så er det berre å laga krim. Alt anna ville vera å grava ned sitt pund.

Den walisiskspråklege tv-kanalen S4C, som står bak serien Bortgøymd saman med BBC Wales, har fått grepet på dette. Dei koplar ein velprøvd britisk krimtradisjon med walisisk særpreg. Sist var det Hinterland, no er det altså Bortgøymd - eller Craith eller Hidden, som er ny av året, og nettopp avslutta på norsk tv. Eg må tilstå at eg på eit visst punkt vurderte å hoppa av. Ein plass sånn omlag midt i serien vart det vel mykje dveling ved ei ung kvinne sitt fangenskap. Det bikka nesten over mot spekulativ fråtsing, etter mitt syn. Men nordwalisiske landskap, fine skodespelarprestasjonar og det walisiske språket heldt meg fast. Skiftinga mellom walisisk og engelsk, og kven som snakkar kva med kven, er forresten verd eit lite sosiolingvistisk studium. Men det må andre ta seg av.

Etter å ha sett heile serien angrar eg ikkje på at eg vart med heilt til slutt. Bortgøymd tek seg opp igjen og landar stødig på begge beina. Såpass heilstøypt blir det at eg jamvel vil kalla det telemarknedslag, og ikkje berre jamsides landing.

Spørsmålet om kven som er mordaren, er ikkje det viktige i denne serien. Det er ingen stor spoiler å seia det. Meir interessant er det å følgja enkelte av karakterane. Serien har sitt monster. Men sjølv om han er ugjerningsmann så det held, må ein på same tid synast synd på han, og serien greier å formidla begge delar. Han er heller ikkje den einaste plaga sjela i Bortgøymd. Både offer og overgripar er djupt prega av ei mor som ikkje elskar dei, eller som ikkje greier å visa denne kjærleiken. Andre karakterar slit med gnagande samvit og skuldkjensle. Ikkje minst gjeld det den putinaktige pappaen som vi møter med i eit arbeidarstrok ein stad i innlandet. Faren til hovudetterforskaren har òg sitt å slita med, og det same gjeld etterforskaren sjølv.

Ingen god krim utan plaga sjeler.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar