lørdag 17. juni 2017

Dei kriminelle dalstroka innafor


Frå landsbygda i Ceredigion i Wales (foto: John Lucas, henta frå
Wikimedia Commons)
Einsame gardar med småforfalne hus. Innbitne og inneslutta menneske. Dei som har stifta familie, har ofte berre eitt barn. Rustne bensinstasjonar der ingen skulle tru at nokon kunne driva forretning. Menneska er slitne, og det som er skapt av menneskehand, forvitrar. Landskapet med sin lyse kyst og sine fagre åsar ligg der nesten som ein protest.

Velkomen til den walisiske krimserien Hinterland, eller Y Gwyll, som han heiter på walisisk. Her ser kriminaliteten ut til å trivast særleg godt i dei grisgrendte dalstroka innafor den vakre kystbyen Aberystwyth. Helten heiter Tom Mathias, og har sine indre demonar å stri med. Med seg har han Mared Rhys, som med sitt moderlege og bekymra blikk følgjer sin overordna tett. Andrefilolin spelar Lloyd Elis og Siân Owen, begge flittige og flinke og med ein sterk vilje til å pleasa sjefen. Og bakom følgjer Chief Superintendent Brian Prosser det heile. Vi får vita ein heil del om kva som rir Mathias, men lenge anar vi berre skuggane av kva som plagar Prosser.

Eg gjev hovudpersonane i serien terningkast tre, eller kanskje ein stad mellom tre og fire. Den enkelte kan bli litt flat og uinteressant. Prosser, som er den vi ser minst av, er på sett og vis den mest forvitnelege. Samspelet karakterane imellom trekkjer i retning av ein firar. Handlinga får ein sterk firar. Og når ein ser dei episodevise enkelthistoriane saman med den raude tråden gjennom dei tre årgangane av serien (eg seier ikkje meir), landar eg på ein femmar. Landskapet og filminga får i alle fall ein femmar.

Eg håpar vi får sjå fleire årgangar av Hinterland enn dei tre som finst til no. Det er forresten ei fascinerande side ved denne serien som ein ikkje oppdagar utan vidare. Han  finst nemnleg på to språk. Her snakkar vi ikkje om teksting, heller ikkje om dubbing. Men skodespelarane har faktisk spelt inn dialogane to gonger: ein gong på walisisk og ein gong på engelsk. Serien er knytt til den walisiskspråklege fjernsynskanalen SC4.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar