torsdag 20. april 2017

Det lag som ein gong var

Programmet for hausten 1981 i
bokmerkeform. Blått dette
semesteret.
Ein dag i mars 1979 vart det stifta kristent skulelag på Kyrkjekrinsen skule. I styret sat fire jenter, og det nye laget var raskt i gang med styremøte, andaktar i skuletida, lagsmøte på kveldstid og weekendar. 

Kyrkjekrinsen skule
Åsane er nordre bydel av stor-Bergen. Kyrkjekrinsen skule ligg i det sentrale området av denne bydelen, eit par rundkøyringar frå IKEA og dei store handlesentera i Åsane. Bustadområda på Flaktveit er i gangavstand frå skulen. Frå naturen er dette eit område med myrar og vatn, åsar og småfjell. Kyrkja ligg oppe i lia på Saurås. Nedanfor ligg gardar som Mellingen, Espelid og Teigland. Alt dette er der framleis, men allereie på slutten av 1970-talet var drabantbyen på sitt grådige vis i ferd med å sluka bygda.

Aktiviteten i det ferske laget var driven av og for elevar i ungdomsskulen, men heilt åleine om oppgåva var dei ikkje. Temmeleg tidleg dukkar det opp vaksenleiarar i referata, Gunnhild Berge var den første. Og laget på Kyrkjekrinsen var tilslutta den landsfemnande organisasjonen Noregs Kristelege Student- og Skuleungdomslag (NKSS).

Frå skuleplassen på Kyrkjekrinsen kunne ein forresten sjå bort på bedehuset, som ligg på andre sida av vegen. Mange av dei første styremedlemane var òg aktive i det store kor- og ungdomsarbeidet som vart drive på Kyrkjekrinsen bedehus denne tida.

Kulepenn på linjeark
Eg sit med referatpermen frå dei første åra i historia til dette laget (1979-81). Det er eit lausarksystem, der referat frå styremøte, lagsmøte og generalforsamlingar er skrivne på linjeark med kulepenn og liknande skrivereidskapar. Brev med svar på søknader om pengestøtte er òg med i permen. 

Sidan eg kom med i styret for dette laget på Kyrkjekrinsen eit par semester etter skipinga, står eg ikkje på utsida av det eg skriv om her. Men pionerane ser ut til å ha vore ei gruppe jenter. Slik starta det heile, ifølgje protokollen:

Den 21/3 stifta vi skulelag på Kyrkjekrinsen skule. 
Desse vart valgt i styret:
          Formann: Kristin Rekdal
          Nestformann: Marna Jensen
          Kasserar: Turid Bjørndal
          Sekretær: Tove Hansen

"Særdeles livlege"
Aktivitetane som går att dei første åra, er forutan styremøta, lagsmøta på kveldstid og andaktane i skuletida. Det er ingen tvil om at Kyrkjekrinsen skule hadde eit tydeleg kristent nærvær gjennom laget. 


Andakt var det i storfriminuttet ein gong i veka. Det må ha lagt ein ganske stor innsats bak å skaffa alle andaktshaldarane som trongst.

Lagsmøte var det ein gong i månaden, eller litt oftare, og på kveldstid. Desse var atskillig meir programrike enn andaktane. Sentralt sto det som i evalueringa av lagsmøta hausten 1980 er kalla for "den alvorlege delen". Ordet alvorleg skulle nok ikkje forståast som trist og strengt, men først og fremst som seriøst og viktig. Litt på same måten som når lekmannskristne nesten hundre år tidlegare omtala seg som "dei alvorlege kristne". Dei meinte ikkje å karakterisera seg som spesielt tungsindige, men som dei som tok si kristentru på alvor. Men tilbake til lagsmøta. I denne delen av programmet høyrde talen heime, saman med songane med tydeleg kristent innhald. I tillegg til alvorsdelen var det mat på kveldssamlingane og lettare underhaldning som leikar og sketsjar. Av og til var det filmkveld. Og forsyne meg vart det skrive korte referat ikkje berre frå styremøta, men òg frå lagsmøta. Referatet frå lagsmøtet 3. september 1980 får på fortetta vis fram blandinga mellom alvor og skjemt. Her kjem referatet i heilo:

Det var godt frammøte, ca. 21, og stemningen var høg. Ingrid leia. I begynnelsen song me gøy på landet, leika avisleiken, presantasjonsleiken, hadde ein konkuranse, og ein sketsj. Etterpå vart det mat-pause, med salg av bollar (Kr 1) og brus (Kr 3). Etter det talla Tone Løtveit. Ho sa at me burde følga Jesus, fordi då hadde me eit evigt liv som mål og ikkje helvetet.

Tone Løtveit var nok eigentleg lagssekretær Tone Nødtvedt. Elles kunne sjølvsagt frammøtet variera. I september 1981 var klasse 9A, inkludert ein stor del av lagsstyret, på Danmarkstur, noko skrivaren trudde var ein del av forklaringa på det dårlege frammøtet. Dei som kom, var likevel "særdeles livlege", fortel referatet, og legg til: "Det var kun åtte stykker alle var gutar."


Eit kakelotteri
Den som skal tena Gud, må òg gjera seg nytte av mammon. I slutten av februar 1981 var det derfor såkalla "lagsjobb", med kakelotteri på Domus, Nyborg, til inntekt for NKSS. Ifølgje den kortfatta rapporten frå lotteriet vart litt over halvparten av lodda selde, men dessverre har skrivaren forsømt seg litt, og det står eit tomt felt der inntekta frå lotteriet skulle vore ført inn. Neste setning slår fast at "(h)alvparten av dei 14 kakene vart vunne". Vi får håpa resten av kakene òg vart til glede for nokon.

Om kakelotteriet kanskje ikkje vart ein knallsuksess, hadde i alle fall styret i laget samvitsfullt søkt politiet om løyve. Åsane lensmannskontor gav sitt velvillige ja og hadde merka seg at løyve frå grunneigar var ordna og at "De kjenner til reglane for loddsal og vil fylgja desse". Nokre formanande ord la likevel ordensmakta inn over dei unge loddseljarane:

Elles må De vera obs. på at De ikkje står til hinder for trafikken, og at De ikkje etterlet Dykk papirer eller papirsøl.

Deltaking og demokrati
Det kan ikkje vera tvil om at lagsarbeidet på Kyrkjekrinsen, og liknande arbeid mange andre stader, òg var ein skule i deltaking og demokrati. Det første linjearket i protokollen har plass til referata frå både skipingsmøtet og dei tre påfølgjande styremøta i 1979:

Laget vart stifta 21. mars. Samstundes vart det valt styre, og verva som formann, nestformann, kasserar og sekretær vart fordelte. På møtet 3. april planla det ferske styret aktiviteten framover, las lover og sette opp budsjett. På det neste styremøtet (2. mai) jobba styret vidare med dei utoverretta aktivitetane. Det tredje styremøtet (19. september) planla første "generalforsamling", og pionerane hadde allereie funne fram til fire nye styrekandidatar. 

Heile vegen, i alle fall gjennom dei to første åra, vart det skrive kortfatta referat. Styremedlemane søkte økonomisk støtte frå Vestlandsbanken, det lokale soknerådet og arbeidsutvalet i foreldrerådet ved skulen. Styremedlemane hadde ansvaret for helgeturar og leia lagsmøte, som òg skulle fyllast med program. Aktivitetane skulle evaluerast, og styremedlemane samla inn pengar. Skulelaget på Kyrkjekrinsen hadde vaksenleiarar som støtta opp under arbeidet, og laget var tilslutta ein landsdekkande organisasjon med regionskontor og sekretær. Men det er ingen tvil om at det var ungdomsskuleelevane sjølve som gjorde det meste av arbeidet og tok ansvaret for aktivitetane.  

Slik var det nok òg i hundrevis av skulelag og andre frivillige kristne aktivitetar rundtom i landet. Attåt alt anna var dei ein skule i deltaking og demokrati på lågaste og viktigaste  nivå av samfunnet. Tenåringar brukte av fritida si og vart myndiggjorde. 

Namnebytte
Frå tida mi som aktiv i det kristne skulelaget hugsar eg at vi oftast omtala det som "laget". Visst hadde det eit særnamn òg, nemleg KRUSK, som var ei forkorting for Kyrkjekrinsen kristelege ungdomsskulelag - med ei viss omstokking av bokstavar. Det varierte forresten litt korleis det fulle namnet òg vart skrive.

Det eg hadde gløymt, var at vi gjennomførte eit namnebytte hausten 1980. Etter at styret først hadde fordelt verv, planlagt lagsmøta i haustsemestert og ved hjelp av kampvotering bestemt at programmet skulle vera gult og ikkje blått, opplyser protokollen frå 10. juni følgjande:

Nytt namn: Det gamle namnet på laget var Tent lys. Det nye styret tykkte ikkje om det og ville velja nytt.
Forslag: KRUSK (Krislelig ungdomsskulelag Kyrkje K.)

På regionskontoret
I tilfelle regionskontoret av NKSS ville ta over referatpermen frå Kyrkjekrinsen, tok eg kontakt med Einar Helgaas, som er teamleiar for lagsarbeidet i Region Vest. Permen hadde han ikkje bruk for, men skulelaget på Kyrkjekrinsen har vore viktig for han. Helgaas voks opp eit par steinkast frå Kyrkjekrinsen skule og kan fortelja at han kom med i styret og vart kristen gjennom dette laget - i den rekkefølgja. Etter kvart vart han òg leiar for laget på Kyrkjekrinsen. No har han sjølv arbeidd femten år i lagsrørsla.

Men for tida finst det ikkje noko kristent skulelag på Kyrkjekrinsen.

Merknader: Sitata frå referat-permen er gjengitt så trufast som råd, skrivefeil inkludert. Når det gjeld kakelotteriet på Domus, Nyborg, kan eitt av referata tyda på at dette loddsalet gjekk av stabelen litt seinare enn i februar. Men det meste tyder likevel på at 28. februar 1981 var datoen for lotteriet, og eg har halde fast på det i framstillinga over.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar