onsdag 15. mars 2017

Kule ord (37): pissa

Det ser ut til å vera eit samanfall mellom tendensen til å gjera
sitt fornødne utanfor dette huset og det å brukar ordet "pissa".
(Foto: Guttorm Raknes, Wikimedia Commons)
Dei tre vossingane i fjernsynsprogrammet Eides språksjov har snakka om halvt unemnelege ting. Professoren av dei tre, Gunnstein Akselberg, har forklart at mannfolk snakkar om å "pissa" der damer seier "tissa". No kjenner eg ikkje til at det er gjort store vitskaplege granskingar av dette spørsmålet (kva er det folk brukar doktorgradane sine til, eigentleg), men eg trur professoren har mykje rett. Han blir òg støtta av ei uhøgtideleg gransking som Heidi Gilstad har gjort med svar frå 385 personar i ulike facebook-grupper for språkinteresserte. Av kvinnene i denne undersøkinga seier 85 prosent "tissa". Av mennene derimot brukar 67 prosent "pissa", 29 prosent "tissa" og resten tyr til andre ord. Det er vel eit uttrykk for at kvinnene er litt meir finslege i språkbruken sin på dette feltet, medan mange av oss andre ikkje har noko imot t-ordet, i og for seg, men det passar liksom berre ikkje for oss. Det blir litt i overkant femi å bruka det, det får vera grenser for kor mykje vi skal la oss oppdra. 

Apropos andre ord, så vart eg som liten lært opp til å bruka ordet "vanna" for å lata vatnet. Sjeldan eller aldri høyrer eg dette ordet brukt slik no, eg veit heller ikkje kor vanleg det var den gongen rundt 1970. Men eg lærte det altså av foreldre som aldri ville ha snakka om å "vanna" plenen. Plenen vart vatna. Men den byfine forma "vanna" vart altså valt om det å slå lens.

Men no skal eg ikkje plaga folk med meir griseprat. Eg er lei for det, men det måtte berre ut.

1 kommentar:

  1. Det kan hende ein kan definera pissa som ein ståande handling medan tissa er sitjande? I så fall er tissa meir reinsleg, når det må gjerast innandørs. Men er det ikkje underleg at ein bokstav kan gjera at det eine høyrest barskare ut enn det andre?

    SvarSlett