mandag 23. juli 2018

Langs den smale vegen på øya Mull

Smale vegar, kjærkomne møteplassar, vidt hav og beitande smale.
Vi er på Mull (Foto: Arve Kjell Uthaug).
Det er mange smale vegar på Mull, med svingar og med bakketoppar utan sikt. Sauene går langs vegen, eller dei står i vegen og møter deg med eit blikk som fortel kven som høyrer til her, eller dei forsvinn ut og inn i den tette bregneskogen attmed vegen. Sjølv målt mot vestnorsk standard er vegane på Mull ekte vare.

Heldigvis er det tett mellom møteplassane, som er skilta med Passing Place eller merka med stripete stolpar. Dei er sjølve pustehola i trafikken. Best av alt er likevel utsikta. Mektige fjell, store myrar, små grender, den fantastisk innramma sandstranda i Calgary-bukta og ein vestkyst med utsyn utover i Hebridane er litt av det som byd seg fram.

Mull er altså ei øy i dei indre Hebridane vest for det skotske fastlandet. Øya er nesten tre gonger så stor som Osterøy, men har under 3000 fastbuande. Turismen er utan tvil ei umisseleg inntektskjelde for dei fastbuande. I tillegg vert det drive aktivt skogbruk på øya, og sauene og storfeet vitnar om at det framleis er liv i landbruket.

Kristendommen har sett sterke spor på Mull. Den moderne avkristninga har sjølvsagt nådd denne delen av Europa òg, men samstundes spirer det i dei gamle spora. Etter nokre få dagar som turist på øya i sommar slår det meg at det er stor variasjon, og kanskje stort potensial i nokre av spirane på denne avsides øya.

Evangelisk hamn
Tobermory Evangelical Church held liv i kyrkjebygget
saman med den lokale frikyrkja. Eit par bygningar
bortanfor er ei tidlegare kyrkje gjort om til kafe
og butikk. (Foto: Arve Kjell Uthaug)
Tobermory Evangelical Church held gudstenestene sine i ei kyrkje som ligg midt inne i den fargerike og turistvenlege rekkja av hus langs hamna i Tobermory. Byen ligg nord på øya og er med sine rundt tusen innbyggjarar sentrum på Mull. Eit par hus bortanfor ligg det eit anna kyrkjebygg, men dette er i dag brukt som kafe og gåvebutikk.

Slik er det ikkje gått med gudshuset der den evangeliske kyrkja held til. Dei deler bygninga med den lokale frikyrkja. Den evangeliske kyrkja har gudsteneste om føremiddagen klokka elleve, frikyrkja klokka fire om ettermiddagen. Eg er på gudstenesta klokka elleve ein søndag tidleg i juli. 

Mannen som leier samlinga og songen må vera rundt seksti år, er driven på gitaren, og stiller i dungeribukse og rutete skjorte. Forsamlinga er heller ikkje stivpynta. Her er det lovsong med innleving og engasjement. Songane har eit proklamerande og offensivt preg, som slett ikkje er utypisk for britisk kristenliv. Oppmuntrande plakatar med kristne bodskap kikkar med på oss frå veggane. Dei er ikkje så mange i denne kyrkjelyden, men den søndagen eg er her, er det menneske i alle aldrar til stades - frå småborn, via ungdommar og unge vaksne til middelaldrande og gamle. Til og med to hundar er med under gudstenesta, men dei ter seg fint, og kanskje var det ikkje så greitt å setja dei frå seg ute. Undervisaren er eldste Eric Morgan. Han har utdanning i kjemi frå universitetet i Oxford, og no lever han som pensjonist på Mull. Han underviser ut frå ein tekst i Johannesevangeliet. Her er det ikkje snakk om å forlata teksten så snart som råd for å kunna prioritera sine eigne, gode poeng. Nei, Morgan underviser stødig og solid og held heile tida godt fast i bibelteksten.

Folk er venlege og tek kontakt. Dei møter deg med eit smil når du kjem, og pratar med deg under kyrkjekaffien etterpå. Tobermory Evangelical Church har ei innbydande heimeside. På facebook-sidene deira kan ein m.a. sjå videoar av fire vaksne som blir døypte på hamna i den gamle fiskelandsbyen.

St. Martinkrossen på Iona. 
(Foto: Arve Kjell Uthaug)
Agelege Iona
Iona er ei mindre øy som ligg utanfor sørspissen av Mull. Det er berre eit sund og nokre minutts ferjereise mellom dei to øyane. Mange kjenner til øya Iona og klosteret der. St. Columba grunnla dette klosteret på 500-talet, og herifra vart det drive misjonsarbeid i Skottland. I dag er det eit kjent, kristent fellesskap knytt til øya. Ein av dei mest kjende medlemane av dette fellesskapet er John L. Bell (1949-), skotsk prest og forfattar av mange populære nyare salmar. Sju av dei er med i den norske Salmeboka.

Eg kjem ikkje på innsida av kyrkjelivet på Iona desse få timane, og får heller ikkje med meg nokon gudstenester. Det blir mest kikking og klikking (med fotoapparatet). Men øya er vakker, og historia er spennande. St. Martinkrossen, ein keltisk høgkross i stein, står like utanfor klosterveggen, og har stått på same staden i over 1200 år. Han har greidd seg gjennom vikingraid, reformasjon, opplysningstid og moderne materialisme. Det er ikkje lite.

På eit lokalt hotell vert det servert matig og god grønsaksuppe. Så får det heller våga seg at eg endar opp med Karma Cola til maten. Det skal meir til før dei antiprogressive nakkehåra reiser seg. Drikken går ned, og smakar vel ikkje verre enn dei andre slektningane sine.  

Det er heilt sikkert mykje som burde vore skrive om Iona og dei moderne kristenimpulsane deifrå, men det får eventuelt bli ein annan gong. Derimot vil eg halda fram med å gleda meg over songane og salmane vi får frå vest. Cd-en Vadested, som kom for nokre år sidan, er ein god norskspråkleg representant for denne keltiske salmevinden.

Den rumenske munken
Kyrkja i Kilninian ligg i ein utkant av utkanten Mull. Her har ein rumensk munk slått seg ned. Far Serafim heiter han, og han er i ferd med å restaurera den gamle kyrkja i Kilninian og etablera Mull Monastery, the Orthodox Monastery of All Celtic Saints

Utkantens utkant. I Kilninian har ein rumensk munk
grunnlagt eit nytt, ortodoks kloster (Foto: Arve Kjell Uthaug).

Vi reiste til det vesle, ortodokse klosteret i Kilninian utan å sjekka om det var nokon der, og så var det heller ikkje nokon der (bortsett frå sauene, sjølvsagt). Kyrkja, som slett ikkje er særleg prangande i sitt ytre, kom vi oss ikkje inn i. Vi fann nokre bygningar like ved, som såg både nye og fine ut, men heller ikkje der var det nokon å få tak i. Kanskje var Far Serafim og dei andre ein annan stad denne kvelden, og kan henda hang det saman med at han ifølgje heimesidene til klosteret var vert for eit pilegrimsfølgje desse dagane. 

Det får vera som det vil. Eit spennande og spenstig tiltak er det han er i gang med i Kilninian, denne Guds nybrotsmann. Dei som vil bli kjent med klosteret og Far Serafim, finn mykje stoff på dei gode og informative heimesidene til klosteret. Artiklar om Serafim finn ein òg på bloggen til den norske baptisten og bønemennesket Bjørn Olav Hansen. Og vil ein møta munken sjølv - i alle fall nesten - kan ein starta med ein spennande "spørjetime" som ligg ute på YouTube. Der uttalar han seg om mange ulike tema, og fortel også litt om sin eigen oppvekst og litt om bakgrunnen for klosteret. Eg vil ta med eit lite utdrag av det Far Serafim seier om Kristus og tradisjonen. Dette har kanskje ekstra stor relevans for kyrkjer som legg stor vekt på ein ubroten tradisjon med stor autoritet, slik dei ortodokse gjer. Eg trur likevel dette er kloke ord til kristne innanfor alle slags nye og gamle tradisjonar. Serafim peikar på faren ved å søkja Gud berre gjennom å sjå etter dei utvendige kjenneteikna, slik som typen av ikon og bygningar. 

- Vi kan vera på den rette staden, med den rette arkitekturen og det rette ikonet, men Kristus - den verkelege, levande Kristus går forbi, og vi merkar det ikkje. Det var nett det som hende med menneska i Det gamle testamentet. Dei følgde kvar einaste regel og lov, og dei enda opp med å krossfesta Kristus, fordi dei ikkje visste korleis dei skulle møta den verkelege Gud. Tradisjonen er døra inn til livet, men han er ikkje sjølve livet, seier Serafim.     

Internasjonalt
På ein måte er det spesielt at grunnleggjaren av det nye klosteret på desse vêrbitne britiske øyane kjem heilt frå Romania. Det som slett ikkje er nytt, er at området er ein møteplass for ulike folkeslag og kulturar. På 500-talet, då munken Columba kom frå Irland og grunnla klosteret på Iona, låg Iona og Mull i grenselandet mellom eit irsk kongedøme på vestkysten av Skottland og eit piktisk kongedøme i nord. I det som i dag er Storbritannia, kiva fleire kongerike om makta, og dei representerte folk med forskjellige språk: piktarar, irar, engelskmenn og britar (i slekt med dagens walisarar). Professor Richard Sharpe skriv at menn frå alle desse fire folkeslaga var representerte i fellesskapet på Iona allereie i Columbas eiga levetid. Her levde irske, piktiske, engelske og britiske menn saman i arbeid og tilbeding av Gud på den vesle øya utanfor Mull.


For nokre få år sidan kom det altså ein ung rumensk munk til desse øyane for å byggja opp eit ortodoks kloster. Far Serafim ser ut til å vera ein mann som kan formidla, knyta til seg støttespelarar og kontaktar, rekruttera gjevarar - alt dette som trengst av arbeid, i tillegg til bøn, når eit nytt kloster skal byggast opp. Likevel har det nye klosteret på Hebridane på mange måtar vore eit einmannsprosjekt til no, der den unge Far Serafim har drive det heile framover. I sommar vart det ei endring på dette. Tre kvinner kom til klosteret i Kilninian tidleg i juni og har slått seg ned der. Dermed er det blitt eit fellesskap. Dei som vil følgja med på den vidare utviklinga av det nye klosteret, kan følgja heimesida og facebook-sida til Mull Monastery of All Celtic Saints.

Referansen over til professor Richard Sharpe viser til innleiinga til Adomnán of Ionas Life of St Columba (Penguin, 1995), s. 21.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar