fredag 29. juni 2018

Eit museum i Buckie

Vegen er kort frå det gamle Galilea til
nyare tids fiskarliv, om du ser verda
gjennom glasmåleria i minnekapellet
i Buckie (foto: Arve Kjell Uthaug).
Den skotske kystbyen Buckie er ikkje stor, men det er ein spesiell by for mange nordmenn. Under andre verdskrigen var det så mange norske her at byen vart kalla "Little Norway". Sjømannsmisjonen hadde eigen stasjon her til krigen var over. Onkel til far min, Rasmus Krossøy, var ein av dei norske som budde her ei tid. Han måtte flykta saman med familien då tyskarane avslørte det illegale motstandsarbeidet han var med på. Men alt det er ei anna historie.

Tilbake til Buckie. Ein gong var fiske og skipsbygging sjølve pulsslaga i denne byen. I dag har tidene forandra seg, men spora er her. Og ein del av menneska frå fiskeri- og sjøfartstida er her. Tre av dei møtte eg denne veka på museet Buckie & Dictrict Fishing Heritage Centre. Alle desse pensjonistane hadde vore fiskarar. Den eine av dei hadde vore skippar, den andre hadde vore med på skipsbygging og den tredje hadde dessutan vore innom det nye oljeeventyret. No stiller dei opp som frivillige medarbeidarar på eit kosteleg lite museum som slepp deg inn døra for kroner null. Og, medan vi er inne på frivillig innsats. Vi nordmenn gjer oss av og til høge og mørke fordi vi er dugnadsfolket framfor andre. Det trur eg ikkje vi har grunn til. Du finn mange folk rundt om i andre land som stiller opp for sine næraste, sine nestnæraste eller for heilt framande. Du treng ikkje ha ordet "dugnad" i språket for å gjera det.

Men tilbake til museet i Buckie. Eg var der no i sommar saman med kona mi og foreldra mine. Tre pensjonistar møtte oss med erfaring og kunnskap opparbeidd gjennom eit langt yrkesliv, kombinert med venleg velvilje og god tid. Pensjonistar kan vera makelaust gode på denne kombinasjonen av eigenskapar. Kaffi serverte dei òg. I det vesle, tettpakka museet bugna det av båtmodellar og foto som fortalde om farne tiders fiskarliv. Men det var altså først og fremst dei frivillige medarbeidarane som løfta denne museumsopplevinga.

Og den som stikk innom dette fiskarmuseet i Buckie, bør be om å få sjå minnekapellet nokre minuttar unna. Dei følgjer deg ned, låser opp, er der i lag med deg og svarar på spørsmål. Her er det forma ein freda plass for dei mange som har mist sine næraste på havet, som oftast utan å kunna gje dei ei grav. Du finn namna til dei omkomne på små plater på veggen. Kanskje er det først og fremst glasmåleria som gjer dette minnekapellet til ei perle. Dei fører tankane til kystfolket og deira liv, og dei fører på same tid tankane vidare til Meisteren frå Galilea. Den lokale kunstlæraren Charles W. Florence laga glasmåleria. Arkitekten Sandy Wilson hadde ansvaret for interiøret i minnekapellet for sjømenn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar