tirsdag 19. juni 2018

Kule ord (46): liggja

Foto: Arve Kjell Uthaug
Koppane på det øvste biletet ligg, det er greitt. Men koppane på biletet under, står dei, eller ligg dei? Vanlegvis er det jo slik at det som kviler med kortsida ned mot bakken eller bordet eller senga, det står. Og det som kviler med langsida ned, det ligg. Vel, litt meir komplisert er det, men det er likevel ein grei hovudregel. I alle fall seier vi ikkje at koppane ligg på bordet viss dei står.

For eit par, tre år sidan var eg innom eit konditori i Åsane - det er forresten mange trivelege konditori i Åsane - og eg skulle sjølvsagt ha kaffi. Det unge mennesket bak disken fortalte meg venleg noko slikt: "Koppene liggar der borte". Eg vart litt overraska. Hadde kanskje koppe-stablane ramla over ende? Men, neidå, dei sto fint, så vidt eg kunne sjå, med den korte sida ned.

Denne opplevinga tok eg sjølvsagt vare på, og grunna på henne litt i ledige stunder. Etter kvart har eg òg høyrt det same fleire gonger frå ein annan ungdom i slutten av tenåra. Han kan seia at bosspanna ligg borte i vegen. Nei, vinden har ikkje blåse dei ned, dei står fint med den korte sida ned mot asfalten.

Så er spørsmålet om dette er tilfeldig eller om det er ein trend. Ikkje godt å seia, og hypotesen om at verbet å liggja forsiktig er i ferd med å gnaga seg inn på verbet å stå, byggjer altså så langt berre på to språkbrukarar. Men for meg, og - vil eg tru - dei fleste som er komne forbi tenåra og dei tidlege tjueåra, vil det vera utenkeleg å bruka "liggja" på denne måten. Så kanskje ser vi ei lita språkendring i ein tidleg fase? Hypotesen er med dette lagt fram, og så får tida visa om han står seg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar