torsdag 3. mai 2018

Evna mange journalistar ser ut til å mangla


Til tider kan det sjå ut som mange norske journalistar og kommentatorar har sikra seg varig fritak frå evna til å skilja mellom smått og stort. Det er synd. For misser ein denne evna, vil det som kunne vore ein sterk rettferdssans, lett gli over i flokkstyrt fanatisme.

Eg meiner det som skjer i Senterpartiet for tida, illustrerer dette på ein sørgjeleg måte. Først og fremst er det den opphausa tekstmeldinga til tidlegare partileiar Navarsete. Sjølvsagt burde ingen senda ei slik melding. Ein treng ikkje ein gong lang fartstid frå søndagsskulen for å skjøna såpass. Men ei ufin, seksualisert melding til ein tidlegare partileiar, som blir meldt av partiet to år i etterkant, og som kanskje ikkje er straffbar, er neppe noko politiet skal prioritera. Påtalemakta har naturleg nok lagt bort saka. Kvifor? Dei som lurar på det, kan gå inn på google og t.d. søkja på «lang ventetid alvorlige saker politiet». Det finst rett og slett langt alvorlegare saker, som opplagt er straffbare, og som det er kjempeviktig å prioritera.

Senterpartiet ser elles ut til å ha meldt seg på ein slags landskappleik i sjølvskading. Enkeltpersonar i partiet legg for dagen tankar om kollektiv avstraffing som samsvarar lite med alminnelege prinsipp i ein rettsstat. Og norske media fyrer oppunder, driv saka framover og gjer henne større enn ho nokon gong burde vorte. Eg kan for så vidt skjøna at saka kan verka pirrande på journalistar. Ti mann på hyttetur, ingen tilstår, kven er den skuldige? Det har nesten noko agatha christiesk over seg. Men saka kvalifiserer likevel ikkje til store oppslag i media dag etter dag.

Eg trur mange alminnelege menneske skjønar dette, og er oppgitte over både politikarar og journalistar. Heldigvis finst det òg nokon kommentatorar som ser tusseskapen i mediedekninga, slike som Magne Lerø og Kaj Skagen. I Dag og Tid fortel Skagen om då han var elev på ein liten landsens skule, der faren var lærar. Der var det nokon som byrja å skriva grisepreik om faren på ein mur. Sikkert ikkje så kjekt for han som hadde læraren som far, forresten. Men den same læraren greidde å få saka ut av verda på ein måte som fekk fram at skribleria ikkje var akseptable, utan å gjera saka større og verre enn ho trong vera for både dei innblanda og andre. Eg har aldri kjent far til Kaj Skagen. Men eg vonar, og innbiller meg, at viss det verkeleg hadde skjedd eit alvorleg overgrep mot ein av elevane ved skulen hans, hadde han reagert på ein annan måte.

Så er det altså dukka opp ei ny sak i Senterpartiet. Ei som den gongen for fem år sidan var leiar av ein landsdekkande ungdomsorganisasjon varsla statsministerens kontor om at ein rådgjevar i Ola Borten Moe sitt departement var i overkant uformell og flørtande, og at han etter eit tv-opptak hadde sendt melding til henne om at ho var sexy på fjernsyn. Rådgjevaren var då i slutten av tjueåra, og leiaren i ungdomsorganisasjonen var fire år yngre. Ho fekk ei oppringing frå statsråd Borten Moe som gjorde at ho følte seg liten, og ifølgje henne sjølv vart ho oppmoda om ikkje å gå vidare med saka. Deretter vart ho ringt opp av den aktuelle rådgjevaren som beklaga og la seg flat – og, ser det ut til, endra oppførsel mot henne.

For alt eg veit, og ikkje veit, kan det henda Borten Moe burde handtert saka betre. Det er viktig at dei som tek opp noko dei opplever ubehageleg, vert møtt med respekt. Og eg synest kvinna som var involvert, skriv mykje fornuftig i facebook-saka si om hendinga. Men kva skade skjedde eigentleg? Og la ikkje den omtalte rådgjevaren seg flat nok? Var det ikkje fornuftig å leggja bort saka etter dette? Men fem år etter er dette altså ei sak norske media kan varma opp på ny, og servera som noko stort og viktig. Eg gruar meg til framhaldet dersom den fjerde statsmakt skal sjå det som si fanesak å grava fram alt som har utspelt seg av klein flørting rundt om i fedrelandet.

Norske journalistar og kommentatorar er velkomne ut av bobla si, om det kunne freista. Det er plass til dei i den verkelege verda her ute med oss andre.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar