fredag 25. mai 2018

Kule ord (44): gubbe

Gubbe god som nokon (Th. Kittelsen, frå
Wikimedia Commons).
Nynorskordboka forklarar gubbe som ein "mann; gammal mann, kall; mektig eller vørdeleg mann; stor kar". Bokmålsordboka har ein temmeleg lik definisjon: "(gammel) mann, kall; mektig eller verdig mann". No er det likevel slik at ordbøkene ikkje alltid greier å følgja med tida dei heller, og slik meiner eg det er her. For i tillegg til denne tradisjonelle tydinga av ordet, blir gubbe no ofte brukt med ein meir negativ valør. Ein gubbe har noko litt gammaldags og bakstreversk over seg. Han er ein som gjerne tviheld på makta, men som samstundes er ein gårsdagens mann utan at han heilt har fått med seg at tida renn frå han. Ordet "gubbevelde" gjev ein peikepinn om kva som ligg i denne meir negative tydinga.

Forresten er det interessant å sjå at dei to ordbøkene har ein liknande mangel på andre sida av kjønnsskiljet. Ordet kjerring har ifølgje desse bøkene ei meir nøytral meining som kone eller gammal kvinne, i tillegg er det nemnt ei nedsetjande meining der kjerring blir brukt om ein mann. Så langt alt vel. Men underleg nok nemner ikkje dei to ordbøene det som i ganske mange år har vore ein vanleg bruk av ordet kjerring; ei heller sur, bisk og tverr kvinne. Store, gamle Norsk Ordbok, derimot, har med også denne tydinga.

Men tilbake til ordet gubbe. Ei som utan tvil har fått med seg den meir negativt ladde tydinga av ordet, er Likestillingsminister Linda Hofstad Helleland. I ein kommentar til eit facebook-innlegg frå Jon Helgheim (FrP) om kvinner, arbeidsliv og biologiske forskjellar seier Helleland, ifølgje Dagsavisen: "Jeg vet at noen gamle gubber fremdeles har sånne forstokkede holdninger, men at det skulle komme fra en ung mann på 36 år så jeg ikke komme." På den eine sida leverer statsråden her eit skuleeksempel på hersketeknikk og fordommar basert på kjønn og alder. På den andre sida bør det vera godt armslag i det offentlege ordskiftet, og då må vi tola hersketeknikkar og fordommar, sjølv om vi av og til kan mislika det som blir sagt og skrive. Ord kan møtast med ord. Kanskje til og med litt avdempa ord som byggjer konfliktnivået ned litt, og opnar for meir sakleg samtale. Dette siste greier forresten biologen Dag O. Hessen, som Dagsavisen trekkjer inn som eit slags sanningsvitne, på ein god måte. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar