tirsdag 13. februar 2018

Kule ord (43): flyga

Ikkje denne karen nei. Vêren på biletet er ikkje identisk
 med det omtalte kreaturet i teksten og er - om han ikkje
alt har gjennomført sjarmøretappen med slaktebilen - langt
meir røynd i gamet (Illustrasjonsfoto: Arve Kjell Uthaug).
Alle veit kva det er å flyga, men ikkje alle veit at firbeinte norske husdyr flyg. Det visste ikkje eg heller, men for eit par dagar sidan høyrde eg om ein saueflokk der lemminga starta i slutten av januar i år. Altfor tidleg, med andre ord. Og forklaringa var at vêren - visstnok ein fersk og urøynd kar - hadde floge for tidleg på hausten. Nynorskordboka har fått med seg denne tydinga av ordet å flyga, nemleg å "vere brunstig; pare seg".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar