mandag 29. januar 2018

Fangen på St. Kilda

Lady Grange måla av John Baptist Medina 
cirka 1710. (frå Wikimedia Commons)
Bortafor land og bakom øyar ligg St. Kilda. I dag er dei avfolka, desse bratte og ugjestmilde småøyane ytst i dei ytre Hebridane. For snart tre hundre år sidan budde Lady Grange her ufrivillig i seks-sju år, saman med bufaste småbrukarar og fangstfolk. Mannen hennar Lord Grange hadde saman med mektige vener fått henne bortført og smugla ut til fangenskap på St. Kilda.

Den skotske journalisten og historikaren Margaret Macaulay
har nøsta opp denne dramatiske livssoga og skrive forteljinga om Lady Grange i boka The Prisoner of St Kilda (2010). Det er ei merkeleg historie.

Kula og galgen
Rachel Chiesley og James Erskine, betre kjende som Lady og Lord Grange, vart begge fødde i 1679. Dei gifta seg i 1707, ser det ut til,  og høyrde til det høgare sosiale skiktet i Skottland. Dei delte tida si mellom hovudstaden Edinburgh og eigedomen i Preston. Sant nok, Rachel hadde neppe den enklaste barndomen. Ekteskapet mellom foreldra enda i separasjon. Mora tok faren til retten for å få pengar til livsopphald for seg og den store barneflokken. Retten gav henne medhald, men far hennar såg det annleis. Første påskedag 1689 skaut han ned og drap dommaren på open gate. Nokre få dagar etter vart han sjølv hengt offentleg i Edinburgh. 

Men Rachel såg ut til å klart seg bra: gift med den framståande samfunnsstøtta James Erskine, som ho gav ni born. Likevel kan vi slå fast at samlivet ikkje var nokon idyll. Såpass dårleg gjekk det at Lord Grange i kompaniskap med andre mektige menn i det skotske samfunnet fekk henne bortført på dramatisk vis.

Lyst og politikk
Kvifor tok desse mektige menn seg bryet med å kidnappa Lady Grange? Sjølv om 
Macaulay trekk vekslar på mange kjelder, er det vanskeleg å slå fast heilt sikkert kva som eigentleg var den viktigaste grunnen til den spektakulære bortføringa. Men det er fleire moglege motiv. For det første skal det ikkje stikkast under ein stol at Rachel ikkje var den enklaste å ha i hus. Dominerande og temperamentsfull, det er så. Rykta ville òg ha det til at ho sov med eit barberblad under puten, og husbonden kan ha følt seg truga. Samstundes kan det vera at ein del av dei mest fargerike framstillingane av henne var overdrivne. Både mannen hennar og andre hadde motiv for å svartmåla henne. 

Forfattaren av The Prisoner of St Kilda meiner at både utanomekteskapelege lyster og storpolitisk dramatikk trengst for å forklara borføringa. Britane hadde ein ulmande politisk konflikt. På slutten av 1600-talet vart nemleg den katolske kong Jakob 2. avsett av den protestantiske svigersonen sin, Vilhelm av Oranien. Denne konflikten heimsøkte dei britiske øyane i fleire tiår. For i utlandet sat etterkomarane etter Jakob 2. og ville tilbake på kongsstolen i øyriket, og heime i Storbritannia fanst det jakobittar som ønskte dei katolske kongane tilbake. Storebroren til Lord Grange, Jarlen av Mar, slo lag med jakobittane og måtte flykta ut av landet. Lord Grange sjølv hadde jakobittiske kontaktar, og kunne fort bli slått i hartkorn med folk herskarane i London såg som farlege samfunnsfiendar. I London hadde han dessutan ei dame på si, Fanny Lindsay heitte ho. Margaret Macaulay ser jakobismen og elskarinna i samanheng når ho landar på denne forklaringa av den velregisserte bortføringa av Lady Grange:

A mistress and a flirtation with a possible Stuart restoration were, singly, manageable. It was the concurrence of the two together that led on to disaster. Both Granges sought to use Jacobitism for their own ends. Rachel was trying to force James to give up his London mistress by threatening to uncover his Jacobite connections. James sought to be rid of his increasingly difficult wife by presenting her as a potential danger to his Jacobite friends.

Til St. Kilda
Ein januarkveld i 1732 troppa det opp menn frå det skotske høglandet heime hjå Lady Grange in Edinburgh og tok henne med seg med makt. Deretter bar det nordover og vestover inn i det skotske høglandet, der folk snakka gælisk, og ikkje skjøna så mykje av klagene til denne kvinna frå sør. Reisa gjekk i fleire etappar, og mange ulike menneske var med på å bortføra Lady Grange. 

I 1734 vart ho ført med båt til dei isolerte øyane St. Kilda. Der budde ho eit steinhus i åra fam til 1741. Så medan husbonden hadde nådd opp og blitt parlamentsmedlem i London, sat kona forvart på den ytste grøne øy, saman med lokale fangstmenn og småbrukarar som ho ikkje skjøna språket til. Heldigvis kunne ho snakka med prestefolka som hamna på denne utposten, og presten Roderick MacLennan prøvde å hjelpa henne, utan at det gav så store resultat.

Rachels lagnad var vinterstormane ute i Atlanteren. Sjølv om ho ikkje måtte slita for føda slik som dei bufaste, og jamvel om ho etter kvart skal ha lært å skjøna litt gælisk, så var opphaldet her ute for henne ein fangenskap. Ho klaga seg sårt - i eit brev som etter kvart vart smugla inn til fastlandet - over at det var "impossible for me to write or for you to imagine all the miserie and sorrow and hunger and cold and hardships of all kindes that I have suffer'd since I was stolen".

To gravferder
Øygruppa St. Kilda har ei lang, spennande og røff historie. Det kan høyrast ut som øyane er oppattkalla etter ein helgen, men det er dei ikkje. Det finst visstnok ingen helgen som heiter Kilda, og det finst ulike teoriar om korleis desse små landflekkane enda opp med dette namnet. Hovudøya heiter forresten Hirta. Livsvilkåra her var harde. Nokre få år før Lady Grange kom hit, vart det vesle samfunnet ramma av koppar, og to tredelar av folket døydde i den store katastrofen.

Og korleis gjekk det med Rachel frå Edinburgh? Ho vart til slutt henta frå St. Kilda, men kom aldri heim til Edinburgh, Preston og familien. Etter fleire år, og etter at ho hadde fått smugla ut brev frå fangenskapen på St. Kilda, vart det sendt ut ein båt for å søkja henne opp. Men nettverket som hadde bortført henne, handla i tide, og fekk henne flytta. Så døydde ho på den store øya Skye i Hebridane i 1745.

Rachel var midt i femtiåra då ho vart bortført og etter kvart sendt ut til St. Kilda ytst i Hebridane. Forunderleg er det at ho òg fekk to gravferder, begge på øya Skye: Først vart ho gravlagd i løynd på Trumpan, deretter vart det halde ei ny gravferd på Duirinish kyrkjegard med ei kiste fylt opp av torv og stein. Til Edinburgh, Preston og familien sin kom ho aldri tilbake.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar