lørdag 30. desember 2017

Ei festreise over stokk og stein

Eitt av nausta i klynga av steinnaust i Mjåtveitstø på Holsnøy 
(foto: Arve Kjell Uthaug)
Det var på tide denne boka kom. Alle som har gledd seg over steinløer, steingardar og steinbruer på Strilelandet og andre stader, kan no trygt siga ned i godstolen med boka Av stein. Og etterpå gå ut og sjå seg om med ny inspirasjon og litt ekstra kunnskap.

Skald forlag, med hovudsete i Leikanger i Sogn, står bak dette jordnære praktverket av ei bok. Tidlegare Bergens Tidende-journalist Eva Røyrane har skrive teksten, og fotograf har vore i same avis, Oddleiv Apneseth har teke dei mange bileta. Til tider er det mest ei biletbok der talande fotografi er kombinerte med korte bilettekstar. Så dukkar det opp litt meir tekst innimellom. Teksten er velformulert og opplysande, sjølv om eg stundom kunne ønskt meg litt meir av han.

Kjerneområdet
Sjølvsagt er det stas at vi strilar er best på noko. Helst er det vel forfedrane våre som skal ha æra, men vi stiller gjerne opp og deler litt. "Ingen stad i vårt land har det blitt bygd så mykje av tørrmura gneis og granitt som i kystbonden sitt kulturlandskap mellom Bergen og Sognefjorden. Ingen stad er det reist så mange ulike typar byggverk i stein", slår Røyrane fast (s. 20). Steinarbeida i boka er hovudsakleg frå området frå Sotra og Åsane i sør og nordover til Gulen på sørsida av Sognefjorden. Ein og annan smakebit frå andre plassar er òg med i boka, men stort sett er dette ei bok om steinarbeid på Strilelandet (og i Gulen).

Bakkemuren og steingarden har fått sine eigne kapittel, det same har vernemuren, steinløa, jordkjellaren, gardfloren og torvhuset. Til slutt er ulike andre byggverk av stein slått saman i eit felleskapittel.

Ikkje alltid gammalt

Kor lenge har steingarden stått der, og kor gammal er potekjellaren? Her er det mykje vi ikkje veit. Røyrane skriv at steinarbeida er resultat av ein fleire tusen år gammal bygningstradisjon, men at svært mange av dei vart bygde så seint som i siste halvdelen av 1800-talet. Ikkje alt er så gammalt som det ser ut til, med andre ord. Etter utskiftingane frå midten av 1800-talet vart dei gamle klyngetuna splitta i enkeltgardar slik vi kjenner dei i dag. Nye murar og driftsbygningar måtte reisast, og i vårt område av landet vart mykje bygd i stein. Ifølgje boka vart det i løpet av 1930-talet slutt på å bruka naturstein som byggjemateriale i ulike nye gardsanlegg. Perioden på slutten av 1800-talet og dei første tiåra av 1900-talet var med andre ord ein intens periode i steinbygginga.

Gardflorane i overgangen mellom innmark og utmark fanst òg før utskiftingane endevende dei gamle tuna, og Røyrane skriv at mange av desse uthusa truleg er mellom dei eldste murbygningane i bondens landskap. 

Ein annan bygning som vi veit er gammal, er den flotte steinløa på garden Titland i Lindås. Denne løa, som vart restaurert for ein del år sidan, har eg hatt gleda av å sjå nærare på fleire gonger. I underetasjen er det flor, på taket torv, og grindverket inne i løa er årringsdatert til 1586. Dermed er bygningen òg ei av dei eldste steinløene ein veit om.

Potekjellaren
Desse vesle steinigloane med torvdekke kan ein framleis snubla over nesten over alt på strilelandet. I dag står dei gjerne tomme, og stundom til nedfalls. Då poteta kom til oss på slutten av 1700-talet, trongst det ein eigna lagerplass. Jordkjellarane, eller potekjellarane, var svaret. Her var det god, frostfri og passe fuktig lagring for denne grønsaka som vart så viktige for næring og helse i område med dårleg klima for korndyrking.

I følgje boka er det om mogleg endå tettare mellom jordkjellarane på Karmøy enn på Strilelandet. Haakon Aase, som har gjort tørrmuringa til leveveg, har ein teori om at den spesielle byggjemåten for desse jordkjellarane kan ha kome til Nordhordland via Karmøy, som hadde særskilt tett kontakt med Vesterhavsøyane, der denne teknikken er kjend.

Spørsmål
Slektskapen mellom våre steinhus og steinbygningar i Irland, Storbritannia og øyane nordom er eit tema forfattaren berre sneiar så vidt innom. Her skulle det vore interessant å vita meir, men det får bli ei anna bok. Dateringsspørsmålet skriv Røyrane litt om. Men her òg skulle eg gjerne høyrt meir. Når det er sagt, er det ingen grunn til å klandra forfattaren for dette. Alle som skriv, må gjera sine val og utelata mykje. Boka er heller ikkje eit forskingsarbeid, men meir eit stykke (god og lærerik) journalistikk.

Ein ting eg likevel synest har fått litt stemoderleg medfart, er dei uvurderleg steinarbeida som ligg under bakken. Utan kistegrøfter og anna drenering ved hjelp av stein hadde det vore lite i både løer og potekjellarar rundt om på mange gardar. Sant nok er denne infrastrukturen stort sett skjult under bakken, men han er så viktige at det godt kunne fått nokre sider i boka. 

Turmål
Boka Av Stein har med mange flotte steinbyggverk, mange fine turmål for den som vil ta beina fatt eller setja seg i bilen. Sjølv kan eg tenkja meg ein tur for å sjå på Klausagarden. Klaus Bergfjord kunne ha sett opp eit alminneleg gjerde for å halda sauene på rett beite. I staden mura han opp ein steingard som er to meter brei og på det høgaste reiser seg seks meter over bakken. Bonden gjekk til skogs dagleg for å arbeida på muren. Arbeidet heime på garden overlet han til sønene og kona. Sjølv prioriterte han å reisa ein mur så høg at ein kunne tru det var antiloper han skulle halda på plass. 

Kven sa at strilen manglar idear og ambisjonar. Muren ligg der som eit minnesmerke den dag i dag, inne i ein tett granskog. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar