torsdag 14. desember 2017

Kule ord (42): fornøgd

Denne mannen ser ut til å vera fornøgd
i den vanlegaste tydinga av ordet
(Foto: Courtesy Ronald Reagan Library).
Det finst ord som betyr det motsette av seg sjølv, eller i alle fall nesten det motsette. Eitt av desse er fornøgd. Den vanlegaste tydinga er den positive. Er ein fornøgd, har ein det bra og er tilfreds med situasjonen. Slik som ein velnøgd gubbe som sig ned i godstolen, mett i magen, med eit smil om munnen og ein velfortent liten glorie over hovudet. Men ordet kan òg tyda bortimot det motsette - at ein har fått meir enn nok og rett og slett er ganske misnøgd med situasjonen: "No har eg rydda i heile dag og er godt fornøgd!". Gjerne sagt med litt arg stemme, ja. 

Fornøgd er dermed eit janusord, kalla opp etter den romerske guden Janus med to andlet. Autoantonym er ei anna nemning for slike ord som kan ha to motsette tydingar. Eit Janus-uttrykk er det å "få opp vindauga" i bilen. Skal då glaset ned slik at vindauga opnar seg for luftgjennomstrøyming? Eller skal glaset opp slik at vindauga er stengt?

Nokre av desse kan kallast pendelord. Dei har hatt ei meining, men så er denne i ferd med å svinga over til det motsette. Eit kjent tilfelle er ordet forfordela, som eigentleg er å gje noko mindre eller ein dårlegare del enn dei eigentleg skulle ha. Etter kvart er det blitt vanleg å leggja den motsette meininga i ordet, slik at det tyder å favorisera eller gje nokon meir enn dei eigentleg skulle hatt. Forresten, kanskje er noko liknande i ferd med å henda med ordet prektig? Eigentleg betyr det praktfull, storarta og gild. Inntrykket mitt er at etter kvart er ei negativ tyding som "skinnheilag, snerpete og sjølvgod" i ferd med å trenga seg fram.  Men dermed vert det òg litt sjølvskryt å seia om seg sjølv at ein ikkje er særleg prektig. Slik oppfattar i alle fall eg utviklinga av dette ordet, og eg ser ikkje ut til å vera den einaste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar