torsdag 23. november 2017

Kule ord (41): Strilebær

Strilebær på Frekhaug (foto: Arve Kjell Uthaug)
Finst det noko som heiter strilebær? Sannsynlegvis, for eg har ein slik busk i hagen.

Ordet stril kan det seiast mykje om. Ingen veit sikkert kva det kjem av, og forklaringane er mange, motstridande – og til dels kreative. Men at ordet finst, det veit vi, og det vert brukt om folk nord og vest for Bergen.

Men det var desse strilebæra, eller strilaberna. Ikkje visste eg at dei fanst, men ein av grannane mine hadde sorten i hagen, og no har eg ein busk hjå meg òg. Det er sjølvsagt ikkje noko offisielt namn, men eit namn som har vore brukt og kjent – viser det seg – av folk både i Bergen og på Strilelandet. Strilebær er rett og slett små mørkeraude stikkelsbær.

Særleg godt kjent er ikkje dette ordet. Google er vår tids Hugin og Munin – ramnane som ifølgje den norrøne gudelæra flaug over heile jorda, fekk med seg det meste og rapportere det tilbake til Odin. Den godaste Google gav meg null treff då eg om kvelden 19. november 2017 søkte på ordet «strilebær».

Men det finst kunnskap Google ikkje kjenner. Oppi hovuda til folk til dømes. På den forvitnelege facebook-gruppa Strilamål la eg ei tid tilbake ut eit spørsmål, og då dukka det opp nokre som kjende til ordet strilebær. Ei av dei skriv følgjande når eg spør henne kor ho kjenner ordet frå:

Hadde de bærene i hagen på Vollom, hvor vi ferierte. Min far, fra Laksevåg, sa strilabær. Så vet egentlig ikkje eg......Det var de beste bærene eg fikk  

Men Tor Jan Ropeid, med langt over middels kompetanse på både hage og språk, veit meir. Han har sjølv plukka strilebær, og fortel:

Dette er eit ord eg godt kjenner til om små, raude stikkelsbær. Eg høyrde det for mange år sidan frå ein nabo som kom frå Seim i Lindås. Han nytta ordet om bær frå stikkelsbærbuskar som veks meir eller mindre ukontrollert - t.d. i utmarka. Det er gjerne slike buskar som har  frødd seg sjølv. Avkomet får då nesten alltid små bær, og buskane er som regel sterkt tornete.
Etter litt detektivarbeid har Ropeid til og med funne ei skriftleg kjelde. I bladet Sandviksgutten, organ for Sandvikens bataljon, nummer 2 i 1993, mimrar «Abben» Albert Johan Knudsen om barndommen i Sandviken i Bergen, om glade gutedagar og båtar som kom og fór:

Sognejekter med bær, raue strilabær, full huen for ti øre, poteter og oppå potetene sov hele familien, unger og voksne på tur til Bergen.

I tillegg finst det ei skriftleg kjelde frå Frekhaug i Nordhordland, og den kom Arnt S. Brakstad til meg med. Elisa Tvedt hadde slektsrøter i den såkalla Pilegården på Frekhaug, med Sjursehuset og Haldorshuset. Det siste er rive, det første står der enno. I 1995 teikna ho ei skisse, etter minnet, over korleis ho hugsa dette området, og her er det teikna inn kor det sto ulike bærbuskar, frukttre, blomar og anna. Attmed eine vedbua, ikkje langt frå der Sjursehuset står den dag i dag, er det merka av «strilebær».

strilebæra finst, sjølv om mange gjerne ikkje hugsar på dei lenger. Kvifor nett desse bæra fekk akkurat dette namnet, kan ein berre spekulera på. Men om dei kom inn til byen med båtar frå Strilelandet, og i tillegg såg litt små og ubetydelege ut – er det ikkje urimeleg om det var bergensarane som sette namn på dei.

Det kan vi aldri slå fast sikkert. Men om nokon veit noko meir om strilebæra, så må dei gjerne fortelja det til meg (arvekjell@bkkfiber.no). Og til sommaren får vi tru det kjem strilebær på buskar både her og der, til glede for alle som har vett til å verdsetja slikt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar