fredag 13. januar 2017

Få lysglimt frå Kairo

På flukt ut frå Mosul og med IS i hælane får Umm Yussuf og familien tilbod om plass i ein pickup. Sjåføren og bergingsmannen er muslim, familien Yussuf er kristne. Historia er oppmuntrande. Problemet er berre at Lars Akerhaug har funne svært få slike lyspunkt å skriva heim om i boka Siste jul i Kairo. Oftare er det gamle naboar som vender seg mot dei kristne. I verste fall blir minoriteten utsett for drap, overgrep og massakrar. I beste fall lever dei kristne som andrerangs borgarar med ei uviss framtid.

Akerhaug er ein profilert journalist, og skriv mellom anna for det liberal-konservative tidsskriftet Minerva og den kristne avisa Dagen. I sin ungdom var han raddis og aktivist i Raud Ungdom og Palestinakomiteen. Han har nok flytta seg eit stykke i det politiske landskapet. Dei siste åra har han dessutan skrive to bøker om muslimsk ekstremisme (2013 og 2015).

Ny sjanger
Det er nesten blitt ein eigen sjanger av reportasjebøkene om den vanskelege situasjonen for kristne i Midtausten. Den danske Weekendavisen-journalisten Klaus Wivel var først ute, og boka hans Den siste nattverd kom på norsk i 2014. Deretter kom Dagen-redaktør Kari Fure med Flukten fra Syria og Irak i 2015. Hausten 2016 kom så kollega Lars Akerhaug med Siste jul i Kairo

Felles for alle tre bøkene at dei viser den grimme kvardagen til kristne som lever under presset frå politiske omveltningar og muslimsk dominans. Bøkene let oss møta ei rekkje vanlege folk i land som Egypt, Palestina, Syria, Libanon og Irak. Ispedd ein og annan kyrkjeleiar, aktivist, politikar, krigar og islamsk skriftlærd.

Utfordringa er heile tida den same: Går det an å bli buande i Midtausten som kristen? Den massive utvandringa frå Irak etter Saddam og frå dei palestinske områda viser at mange har kome fram til svaret "nei". Men land som Egypt og Libanon har framleis store kristne mindretal.

Nærkontakt og forklaring
Akerhaug konsentrerer seg om Egypt, Irak, Syria og Libanon i boka si og har intervjua kring femti kristne frå desse landa. Han kan handverket og formidlar godt. Det som driv framstillinga og gjer boka verd å lesa, er møta med dei mange enkeltkristne i ulike livssituasjonar. Gjennom personlege historier får lesaren innsikt. Samstundes maktar forfattaren å setja dei enkelte forteljingane og hendingane inn i ein større samanheng. Utan ein forfattar som på denne måten kan forklara og plassera enkeltmenneska inn i eit større bilete, blir lesarane av ei slik bok lett som sauer utan hyrding. Forfattarens kjennskap til politikk, historie og religion er ein stor styrke i denne boka. Ikkje minst må han ha hatt stor nytte av å kunna arabisk. 

Eitt av høgdepunkta i framstillinga er kapittelet om Mosuls fall. Sommaren 2014 rømde regjeringsstyrkane hals over hovud, og Den islamske staten (IS) tok byen. Mellom dei som fekk kniven på strupen, var den kristne minoriteten, og stort sett alle skal ha flykta frå heimane sine og frå byen. Akerhaug fortel denne historia ved hjelp av ein kristen som drog før IS rykka inn, ei som drog då dei kom, og ei som vart buande nokre veker under IS-styre. Til saman får vi eit levande og sterkt inntrykk av denne tragedien. Etter nokre veker drog òg ho som hadde valt å verta buande - Ahlam Khadra. Grannane vende seg mot den kristne familien, sonen Uday vart truga på livet av ein tidlegare leikekamerat. Og ute i gata kunne Ahlam sjå hovuda av born som var dømde til døden av islamistgruppa. Nedgravne, med sand til halsen, medan IS-krigarane vakta dei. Ingen skulle få koma og redda borna.

Akerhaug er, som sagt, god til å setja dei mange hendingane inn i ein større samanheng. Den einaste plassen eg synest det glepp litt, er i kapitlet "Eremitter i ørkenen". Her kjem Akerhaug i nærkontakt med spenningar innad i den koptisk-ortodokse kyrkja. Men kor store og viktige konfliktane er innan kyrkja, og korleis dei eventuelt peikar framover, alt dette blir hengande litt i lufta. Her skulle eg gjerne sett at forfattaren gjorde endå meir for å prøva å forstå og forklara dei småampre spenningane i klosteret ute i øydemarka.

Kritikk frå katedralen
Akerhaug har òg sine kritikarar. Nokre av dei har han sjølv provosert fram. I Siste jul i Kairo pirkar han borti Mellomkyrkjeleg råd og det han ser som deira forsiktige linje når dei kristne i Midtausten treng hjelp. I kronikken Den glemte forfølgelsen i VG etterlyser han òg eit tydeleg engasjement frå biskop Atle Sommerfeldt.

Biskopen meiner på si side at verken Den norske kyrkja eller han sjølv overser situasjonen til dei kristne i Midtausten. Samstundes meiner Sommerfeldt at han og Akerhaug nok er usamde om ansvaret for situasjonen. I svaret til Akerhaug skriv han at fordrivinga av kristne frå Midtausten først og fremst må "forstås som konsekvens av meget kompliserte politiske prosesser og beslutninger lokalt, nasjonalt, regionalt og globalt". Og han legg til: "I mine mange samtaler med kirkeledere og kirkemedlemmer i regionen de siste tiårene, er det tydelig at de mener driverne i den negative utviklingen i betydelig grad er Norges nærmeste allierte: USA, Israel, Saudi Arabia og Tyrkia."



Dermed har Sommerfeldt òg i stor grad plassert årsaka til problema utanfor dei samfunna der kristne i dag blir drivne bort. Det er "Norges nærmeste allierte" i og utanfor området som i stor grad driv fram den negative utviklinga. I tillegg meiner biskopen at det "går ikke an å behandle situasjonen for kristne i Midtøsten uten samtidig å forholde seg til den ekstremt restriktive og lite kreative norske flyktningepolitikken". Men det som tydelegvis går an, er å skriva om temaet utan å koma inn på den undertrykkinga som gjennom mange hundreår har prega desse samfunna, og den andrerangs statusen kristne i dag har i dei fleste landa i Midtausten. Er det ingen kritiske spørsmål som bør stillast til den måten islam dominerer minoritetane i desse statane - også i fredstid, og ikkje berre når dei ekstreme terrorgruppene herjar?


Sommerfeldt har heilt rett i at utanlandsk innblanding har skapt store problem også for dei kristne i Midtausten. Kroneksempelet her er invasjonen i Irak, eit land som nesten er blitt tømt for kristne etterpå. Fullskala bakkeinvasjon ala Bush gav oss dagens Irak. Ein meir tilbakelent strategi ala Obama - bombing utan bakkestyrkar, kombinert med mislukka forhandlingar - har ikkje hindra at store delar av Syria er lagt i grus. Biskopen må gjerne refsa norsk flyktningepolitikk og statsråd Sylvi Listhaug, men norsk asyl- og innvandringspolitikk er ikkje årsaka til at folk flyktar frå Syria. At folk opplever seg som andrerangs minoritet i sine eigne heimland, spelar derimot ei rolle, og det gjer at folk ikkje vil reisa tilbake. Her gjer biskopen klokt i å lytta til mange av dei som er intervjua av Akerhaug, Fure og Wivel. Eller om han vil ha det frå ein av bispekollegane sine i Midtausten, den syrisk-ortodokse erkebiskopen Daoud, som måtte flykta frå Mosul då IS kom: "Hvordan skal jeg noen gang kunne dra tilbake til Mosul og leve sammen med disse folkene? Det er ingen tillit mellom oss lenger." Det er dei gamle grannane sine han snakkar om.


Kritikk frå ein norsk muslim
Kamil Azhar, som arbeider i UDI, og sjølv er muslim, har skrive ei leseverdig melding av Siste jul i Kairo. Det gjer til tider vondt å lesa boka, slår han fast. Ikkje berre fordi det er ein tragedie som blir bretta ut, men òg på grunn av "forfatterens synsvinkel og leserens briller". Hovudpoenget til Kamil Azhar er at Akerhaug legg for stor vekt på religion - dvs. islam - som forklaring på den miserable situasjonen dei kristne opplever i mange land i Midtausten. Det er for så vidt ikkje vanskeleg å skjøna at ein muslim, som er glad i trua si, opplever det vondt å bli konfrontert med ei slik framstilling.

Azhar tilfører debatten viktige perspektiv. Rett nok meiner eg nokre av innvendingane hans mot boka ikkje treff, m.a. synest eg Akerhaug gjer det ganske tydeleg at tyrkarane som sto bak folkemordet på armenarar og andre kristne grupper, var nasjonalistar, som sto i opposisjon til dei meir islamistiske forgjengarane i det osmanske riket. Eg kan heller ikkje følgja Azhar når han meiner at boka er skriven "med sterke følelser i sving". Slik eg les framstillinga, skildrar Akerhaug sterke hendingar på ein nøktern måte. 

Azhar prøver ikkje å borforklara dei lidingane kristne og andre minoritetar er blitt påførte av muslimar både i fortid og notid. Samstundes kritiserer han vekta på islam som forklaringsfaktor, og kritiserer m.a. Akerhaugs vektlegging av Umars pakt: " (...) når man hopper over alle leddene mellom tvilsom teologi og praktisk politikk, går man glipp av en diskusjon om hvilke politiske forhold som gjør at kristenhatet, og den anti-kristne politikken, har blusset opp de siste tiårene. En slik diskusjon ville måttet ha med konsekvensene av første verdenskrig, vestlig politikk i etterkrigstiden, kuppet i Iran i 1952, konflikten mellom Israel og araberstatene, den sovjetiske krigen i Afghanistan, og, ikke minst, invasjonen i Irak.  Og det er nettopp den mangelen som vil oppleves som både urimelig, og sårt, for lesere med muslimsk bakgrunn." 

At alt dette har skapt sinne og harme mot Vesten, kan eg forstå. Men korleis forklarar dette at kristne grupper, som har halde til i desse landa mellom tusen og to tusen år, blir utsette for forfølging, fordriving og terror? 

Vidare hevdar Azhar "at Midtøstens historie har langt flere eksempler av muslimsk toleranse overfor minoriteter enn muslimsk intoleranse, selv om Akerhaug forsøker å skape et annet inntrykk".
Vi kan alltids diskutera kor høgt eller lågt lista skal leggjast for at noko skal kunna passera som toleranse. Det er likevel ingen tvil om at det muslimske Midtausten i lange periodar av historia viste større toleranse mot religiøse minoritetar enn det Europa gjorde. Alle som ikkje kan finna eit godt ord å seia om muslimar, og dei finst det dessverre ein del av, burde grunda litt på denne delen av historia. 

Likevel er det altså her og no vi lever. Det gjeld dei kristne i Midtausten òg. For dei er det ei mager trøyst om forfedrane deira hadde det betre enn muslimane som vart kasta ut av Spania for fem hundre år sidan. Kvifor greier ikkje dagens samfunn i Midtausten å gje dei ein kvardag som likeverdige, der det t.d. er like akseptabelt å konvertera frå islam til kristendom (eller ateisme) som den motsette vegen? 

Sommerfeldt legg ein større del av ansvaret på krefter utanfor landa dei kristne flyktar frå. Azhar vil leggja mindre vekt på islam som forklaring. Akerhaug derimot legg vekta på den grobotnen for urettferd som ligg i samfunna, og først og fremst på den rolla islam spelar. I sluttkapitlet fortel han om ein samtale med ein kristen egyptisk menneskerettsaktivist. Aktivisten meiner at trugsmålet mot dei kristne ikkje kjem "fra små og ekstreme terrorgrupper, men fra vanlige muslimer, som er påvirket av hatefull propaganda fra imamen under fredagsbønnen eller retorikk som står på trykk i aviser og kringkastes på fjernsyn. Det dreier seg ikke om islamistisk ideologi, men om en form for intoleranse som er blitt rotfestet i det egyptiske samfunnet, og som man også finner i store deler av Midtøsten" (s. 232).


Neste bok
No har vi på kort tid fått tre viktige og gode bøker om dei kristne i Midtausten. Først ute var Wivel, så kom Fure og no til sist Akerhaug. Det er heilt sikkert plass til fleire slike bøker. Men ei bok eg gjerne skulle lese, er denne: Slik ser muslimar i Midtausten på sine kristne naboar. Med ein litt meir sexy tittel, sjølvsagt. Boka ville heilt sikkert visa at ulike personar har forskjellige oppfatningar. Men ei slik bok ville sannsynlegvis gitt oss ny innsikt. Vi ville skjøna meir, men neppe akseptera meir.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar