lørdag 14. januar 2017

Kule ord (34): gammal

Ein gong var dei gamle, så vart dei eldre. No er dei
kanskje berre vaksne? (Måleri av Jaroslav Špillar,
henta frå Wikimedia Commons)
Nyhenda på radio er vanlegvis ein stødig ven og god forbundsfelle. Men eit innslag i torsdagens utgåve av Her og Nå forvirra meg litt. Reporteren kunne melda om oppsiktsvekkande forskingsresultat som viste at screening som fungerer for andre grupper, ikkje avdekka tarmkreft hjå "vaksne" kvinner. Interessant sak, og viktig for mange. Ordet "vaksne" vart brukt eit par gonger i innslaget. Først lenger ute i reportasjen kom det fram at det er kvinner over 60 år som ikkje får hjelp av den vanlege screeningmetoden. I den skrivne artikkelen på nrk.no kjem dette poenget mykje tydelegare fram.

Når folk snakkar om "vaksne", tenkjer eg på menneske frå rundt tjue år og oppover. Slik brukte ikkje radio-journalistane ordet i denne reportasjen. Her var "vaksne" ei formildande omskriving - ein eufemisme - for det vi vanlegvis kallar "eldre". Kanskje burde eg skjøna teikninga tidlegare i innslaget sidan det var ein pensjonist som vart intervjua? Men eg veit ikkje heilt. Å bruka "vaksen" som synonym for "eldre" eller "gammal", er upresist. Uttrykket "godt vaksen" kunne fungert, men berre "vaksen" vert forvirrande unøyaktig.

Og treng vi verkeleg omskriva "gammal" med andre ord? Sjølv "eldre" blir litt fjollete av og til, synest eg, for ikkje å snakka om denne nyare bruken av "vaksen". Gammal er eit ærleg og flott ord, ingen ting å skamma seg over. At ein kan diskutera når folk skal reknast som gamle i vår tid, er ei anna sak. Det går ingen nøyaktige grenser her. Vi lever dessutan lenger enn før, og mange er spreke langt ut i alderdommen. Det kjennest ofte ikkje naturleg å kalla ein person rundt seksti for gammal. Folk i syttiåra ville eg derimot ikkje stussa med å kalla gamle. 

Kanskje skal vi kalla folk gamle når dei ikkje lenger kan kallast middelaldrande, og samstundes er blitt kloke nok til å innsjå at dei sjølv er gamle?

Alternativet måtte vera å slå lag med gå-på-sokkeleisten-språkpolitiet. I så fall kan ein like godt ta det heilt ut. La den svenske nasjonalsongen klinga lydt som "Du vuxna, du fria", eller stemma i vår eigen "Dei vaksne fjell i syningom", eller syngja med Bjørn Eidsvåg: "Du og eg har ein vaksen drøm".

Slik ein halvvaksen bloggar ser det, er den beste løysinga å bruka ordet "gammal" utan blygsel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar