mandag 21. november 2016

Eit forsøk på å vekkja norn opp frå dei døde


Frå Shetland. © Copyright Graham Uney and licensed
for reuse under this Creative Commons Licence
Vikingane tok ikkje berre med seg våpna og skipa sine då dei drog vest over havet. Dei tok òg med språket. Derfor snakkar folk på Island og Færøyane den dag i dag språk som er i slekt med norsk, svensk og dansk. Ein gong fanst det eit sjette nordisk språk, norn. Fram til det måtte gje tapt for skotsk og engelsk på 1700- eller 1800-talet, klamra tungemålet seg fast på dei forblåsne øygruppene Shetland og Orknøyane. Faktisk finst det dristige folk, kven dei no er, som prøver å blåsa liv i språket som "nynorn".

Historia går som kjent sin skeive gang. Øygruppene, som hadde høyrt inn under den norske og seinare den danske kongen, vart på 1460-talet pantsette til kongen av Skottland. Etter kvart vart dei ein del av Skottland og seinare Storbritannia. Dei nye herskarane hadde eit anna språk. Norn vart ikkje brukt av adelen og dei mektige. Ingen stat støtta opp under det. Reformasjonen kom, og skulane kom. Folkespråka vart løfta fram og brukt i skrift og tale, i bibelord og skuletove. Men langt frå alle folkespråk, og ikkje norn. I dag er det utdøydd, og svært lite er skrive ned på dette språket.

Uløyste spørsmål
Vi veit altså at språket norn forsvann, at det levde lenger på Shetland enn på Orknøyane, at det vart erstatta av skotsk og engelsk, og at det er ute av bruk når vi kjem fram til 1900. Men så er det mykje vi ikkje kan slå fast sikkert. Den norske fagdidaktikk-professoren Geirr Wiggen har skrive ei lita bok der han drøftar når, korleis og kvifor dette gamle norrøne målet døydde ut. Medan nokre forskarar vil hevda at det i all hovudsak var utdøydd på midten av 1700-talet, og i alle fall når vi kjem fram til 1800, høyrer Wiggen til dei som hallar mot at språket kan ha vore i bruk til det forsvann i andre helvta av 1800-talet, og at utbreiinga av eit allment skulevesen basert på engelsk språk kan ha vore det som gav norn dødsstøyten (s. 72-73).


Ikkje veit eg kva som er rett, men spørsmåla er fascinerande. For kvifor døyr eigentleg nokre språk, medan andre – som òg ser ut til å ha dårlege odds ein periode – greier seg? I tilfellet norn kan mange ting trekkjast fram, spørsmålet er meir kva vekt ein legg på dei ulike faktorane. Inga statsmakt heldt sine hender over språket, og den lokale skotske eliten brukte det ikkje. Heller ikkje fekk språket drahjelp av reformasjonen, og det kom aldri noka bibelomsetjing på norn, sjølv om fadervår er blitt skrive ned og teke vare på i ulike variantar. Og skulevesenet brukte engelsk språk og forsterka posisjonen til dette. Det dukka heller ikkje opp nokon Ivar Aasen som, parallelt med nasjonalromantikken og nye folkerørsler, samla og systematiserte språket og la grunnlaget for ei målreising. Handelsmønster og kontakt med andre land endra seg. Tilflytting av skotsktalande må ha spela ei rolle, kanskje òg foreldre sine tankar om kva for språk borna deira ville ha nytte av om dei skulle ta seg fram i eit samfunn i endring.

I Norns død, især skolens rolle skriv Wiggen om samfunna på øyane som tradisjonsbundne og tette. Sjølv om desse samfunna opplevde ei innvandring av skotsktalande, der ein nok kan ha fått ei blanding av språk, ser han likevel «ingen grunn til å anta at skotsk i en slik språkkontaktsituasjon skulle være eller bli dominant. Da måtte skotsken ha konnotert en overordna, d.e. sosialt bydende eller attraktiv verdi. Bare i den svært fåtallige landeierklassen kan skotsken ha hatt et slikt konnotasjonspotensiale, (…)» (s. 71-72). Slik eg oppfattar Wiggen, skriv han dette om situasjonen før skulevesenet vart skikkeleg utbygd på 1800-talet.

Så er spørsmålet om det i det heile fanst eit livskraftig norn inn på 1800-talet, eller om språket i praksis allereie var dødt. Om språket i praksis var utrydda før skulevesenet vart utbygd, kan sjølvsagt ikkje denne utbygginga ha spela ei nemneverdig rolle for språkdøden.

Bål av gamle glør
Det finst tallause døme på at menneske prøver å hindra at språk døyr ut og forsvinn. Det kan bli bål når nokon pustar til levande glør. Verre er det å få gamle vasstrukne kolbitar til å flamma opp, og det er svært uvanleg at daude språk blir vekte til live att. Fenomenet er likevel ikkje heilt ukjent.
Hebraisk var for lengst utdøydd i daglegtale, men det vart gjenoppliva, og i dag er det folkespråk og offisielt mål i det moderne Israel. Andre døme er dei to keltiske språka mansk og kornisk på dei britiske øyane. Begge desse språka var utdøydde. Men så var det likevel nokon som revitaliserte språka. Det kan definitivt ikkje samanliknast med hebraisk, men både mansk og kornisk er i bruk av ei handfull menneske. Mange er dei ikkje, men veksande grupper er det visstnok.

Situasjonen for norn er himmelvidt frå suksesshistoria moderne hebraisk. Og norn-entusiastane kan førebels berre drøyma om å koma dit mansk og kornisk er.

Nynorn
Vil nokon ta språket i bruk igjen? Skal eg vera ærleg, trur eg ikkje språket har større sjansar enn ein snøball i ei badstu. Men nokon har altså lansert "nynorn", eit språk basert på det vi veit om det gamle utdøydde språket på dei nordskotske øyane. Dei, eller den, som står bak nynorn-prosjektet, har lagt ut leksjonar i språket, ei ordbok, litt grammatikk og bakgrunnsstoff. Det er med andre ord gjort eit imponerande arbeid.

Eg har ikkje greidd å få kontakt med dei som står bak dette nynorn-prosjektet. Av
heimesidene går det heller ikkje fram kven dei er, sjølv om det er tydeleg at dei har greie på språk. Om filosofien bak nynorn skriv dei at prosjektet først og fremst er ein intellektuell leik, og så får framtida visa om språket har nokon sjanse i den verkelege verda.

Det skal nok meir til for å få desse vasstrukne, norrøne kolbitane til å flamma opp. Du treng ein stor dose lidenskap og eit opplevd behov i eit samfunn eller ei gruppe om du skal ta omstart på eit innsovna språk. Du treng nasjonalistar, ikkje berre lingvistar. Men dristige og kreative er dei i alle fall, folka bak nynorn, det skal dei ha ros for. Heimesida deira er vel verd eit besøk.




Boka som er referert frå ovanfor, er Geirr Wiggen: Norns død, især skolens rolle (Oslo, 2002).



1 kommentar:

  1. Hmmmm,spennande og nytt for meg.At språket forandrar seg, har jo vi over 50 registrert, men at det skal bli heilt borte!? Var kanskje ikkje lov å bruka lengre, elles ville det vel vera noko igjen av det i det nye språket? Berre lurer eg......

    SvarSlett