fredag 30. september 2016

Kule ord (32): "demosphobia" (folkeforakt)

VOTE LEAVE: Eit folk som er frekt nok til å seia meininga
si når det blir spurt (foto: DAVID HOLT, frå Wikimedia Commons)
Dagens kule ord er henta frå engelsk, "demosphobia". Det har falle mange i den britiske eliten tungt for bringa at fleirtalet i folket var så uregjerleg forvorpne at dei røysta nei til vidare medlemskap i EU. Tenk å gjera noko slikt, når dei styrande endå til hadde vore så sjenerøse at dei gav folket lov til å seia meininga si.

Eg snubla over ordet i artikkelen Arise, Sir Snob Geldof i det konservative britiske tidsskriftet The Spectator. Her raljerer skribenten Brendan O'Neill over den forakta for vanlege folk som mange i den britiske eliten viser. Demosphobia blir utdjupa som "a borderline Victorian agitation with the pig-ignorant pleb who is madly trusted with making big political decisions about things like the EU". O'Neill meiner Brexit-røystinga i Storbritannia har fått fram og styrka den gamle, historiske forakta for vanlege folk og deira påståtte ufornuftige fakter.

Skulle eg koma med eit norsk motstykke, ville eg gått for "folkeforakt".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar