mandag 19. september 2016

Kule ord (31): ilekjer

Ilekjeret er våpenbror og
namnebror til piggsvinet. (Foto:
Erik Aspden Schyberg, flick.com)
Ilekjer er eit ord som angar sommar, sjø og barnleg oppdagarglede. Kanskje er ordet i ferd med å gli ut av bruk. Måtte det ikkje gå slik.

Ilekjer er eit anna ord for kråkebolle, som er ein type sjøpiggsvin. Men kor kjem ordet ilekjer frå? Ordet finst i Norsk Ordbok og Nynorskordboka under oppslagsordet igulkjer. Norsk Ordbok listar dessutan opp ei rekkje ulike dialektvariantar, som igelkjer, iglekjer, ilekjer, ilkjer og ilskjer.  Rota til dette er ifølgje Nynorskordboka det norrøne ordet for ilekjer: igull. Ordet igull heng igjen saman med igle, som tyder "noko som stikk", og ordet kjer heng saman med kar, kjerald eller behaldar.

Ein variant som ikkje er nemnt i den elektroniske utgåva av Norsk Ordbok, er ilekar. Den forma støytte eg på i Kav stril (2013), ei bok som serverer godbitar frå det rike ordtilfanget på Sotra og i Øygarden. For å finna ut meir om bruken av både ilekjer og ilekar, skreiv eg ein liten epistel på facebook-gruppa Strilamål. Der var det mange som kjende til og brukte litt ulike variantar av ordet ilekjer både i Nordhordland, på Askøy og i Øygarden. Men det var òg ein god del som opplyste at dei brukte forma ilekar. Ei stund såg det ut til at alle desse kom frå Sotra, men så dukka det òg opp ein som kunne fortelja at faren frå Øygarden sa ilekar. Og kvifor ikkje. Både ord og kråkebollar har som kjent det til felles med Jan Tore Sanner at dei har minimal respekt for kommunegrenser.

Elles må det indre livet til ilekjeret vera hakket enklare enn vårt. Likevel er det ingen ting å kimsa av. Tennene er samla i den såkalla aristoteleslykta på undersida. Inni bollen er det vasskanalar og kjønnskjertlar. Japanarane er villige til å betala i dyre dommar for kråkebollerogn. På utsida har dette bolleforma vesenet sugekoppar som dei flyttar seg med, og som fører næring til munnen. Dei velkjende stikkande piggane er til forsvar og forflytting.

Alle kjenner forresten ilekjeret sin landbaserte våpenbror, piggsvinet. Dei to er, som rimeleg kan vera, namnebrør òg, slik som i forma sjøpiggsvin. På engelsk heiter ilekjer sea urchin, og urchin er eit gammalt ord for piggsvin. På tysk heiter ilekjer Seeigel, og piggsvin heiter Igel. På arabisk - eg har rådført meg med folk som har peiling - heiter ilekjer qunfuḏ al-baḥr, og piggsvin heiter qunfuḏ. Det er altså eit mønster her: Ordet for piggsvin blir kombinert med eit anna ord, og dermed har vi ordet for ilekjer. Skal vi tru oppslagsverka, var dette omvendt i det gamle norrøne språket. Ilekjer heitte igull, og det var dette ordet pluss eit anna ord som gav oss ordet for piggsvin. På norrønt heitte nemleg piggsvin ígullkǫttr og burstígull. Begge orda finst i nyare dialektvariantar som igulkott og bustyvel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar