lørdag 4. juni 2016

Monokulturpanelet



NRK Marienlyst (frå Wikimedia Commons).
I går hende det igjen. Fredag, nett heimkomen frå jobb, ein betre middag (lettvintpizza) i ovnen og - i beste fall - litt smårydding av ein kaotisk kjøkkenbenk i ventetida. Nett då vartar NRK Alltid Nyheter opp med Kulturnytts fredagspanel. Eg høyrer sjeldan heile programmet, men eg høyrer ofte delar av det på radioen som surrar der ein plass på benken mellom brødsmular, skitne kjørel og mat som burde vore sett inn i kjøleskåpet. 
 
Det skal altså vera sagt at eg berre høyrer på delar av programmet. Eg høyrer heller ikkje kvar fredag. Ingen vitskapleg studie utført, med andre ord.

Men det som ofte slår meg, er kor likt desse folka svarar trass i at dette skal vera ein debatt. Opplegget er at programleiar har tre personar med seg i studio. I kvart program får panelet lagt fram for seg nokre viktige kultursaker frå den siste veka. Programleiaren konfronterer dei med spørsmål dei først skal svara  «ja» eller «nei» på. Etter dei innleiande svara, får panelistane tid til å drøfta spørsmålet litt meir inngåande. 

Problemet mitt er at eg synest dei tre debattantane stort sett svarar det same. Anten er det «ja», «ja» og «ja» - eller så er det «nei», «nei» og atter «nei». No har eg lese i Skrifta at «Når de talar, so lat det vera ja, ja og eit nei, nei!». Men gjeld dette skriftordet heilt uavkorta for debattprogram i NRK?

Kvifor lagar NRK debattprogram med folk som tenkjer så likt, funderer eg på der med brødsmulane og dei nyopna pizzakartongane. Er norske kulturinteresserte og kulturorienterte menneske så like oppi hovudet? Er det offisielle Kultur-Noreg ein einaste stor og kjedeleg monokultur, utan så mykje som ein løvetann som stikk opp og bryt harmonien? Ikkje ei einaste bustete og uvelkomen tuve med lyssiv.

At paneldeltakarane i tillegg stort sett synest å snakka standardisert austnorsk bymål, set for meg ein spiss på det heile. Her kan eg vera litt fordomsfull, det bør seiast. Og eg skal vedgå at eg nok heller ikkje har verdas beste genar for høyrsel. Men det minner ofte veldig om standard austnorsk bymål frå alle munnar. Og det toppar seg litt når dei monokulturelle sit der i Oslo med eintydige synspunkt på kva folk i norske utkantar bør verna og ikkje verna av bygningar.

Kunne dei ikkje fått inn ei eller anna bygdekjerring med meiningar på tverke og bein i nasa. Eller ein vrang utkantgubbe som av instinkt meiner det motsette av det han trur folk ventar av han. Det finst jo faktisk ein og annan slik. Og eg er sikker på at naboane ville pusta letta ut og nyta freden dei timane flyturen fram og tilbake til Oslo varte. Dessutan kunne NRK sjå på dette som ei slags u-hjelp. For som vi fekk høyra frå ein av debattantane i Dagsnytt atten litt seinare på kvelden i går, så er det delar av Noreg «hvor det vanligvis ikke skjer ting». (Denne debatten handla forresten om ei anna  kultursak, nemleg dei litterære togreisene til kronprinsesse Mette Marit). Tenk så trist det er å bu der ute i landet der det «vanligvis ikke skjer ting». Tenk så gildt å få koma inn til hovudstaden, få sjå ein heilt ekte mikrofon på nært hald, få møta danna menneske, få lov til å fylla ut ei reiserekning etterpå. Endeleg skjer det ting.

Eller kanskje dei kunne hatt med ein litt streng muslim i fredagspanelet. Gjerne ei kvinne, og gjerne ei som er så tydeleg at vi føler hijaben diffuserer ut av radioapparatet, sig ut over kjøkkenbenken - og  legg seg som eit formildande slør over alle smulane og alt rotet. Kanskje kunne dei òg ha funne ei eller anna tydeleg kristenrøyst som kunne seia noko vettugt om kultur. No er vi riktig nok ikkje av dei modigaste – bortsett frå Espen Ottosen, sjølvsagt – men det er lov å leita. Ein profilert marxist hadde kanskje òg vore råd å grava opp frå den ideologiske permafrosten ein eller annan stad. Og kan henda finst det ein fornuftig person ein eller annan stad der ute i den kommersielle, folkelege – eller var det vulgære – populærkulturen. For meg må det gjerne vera ein Se og Hør-redaktør. Berre det er ein som litt oftare seier nei der andre seier ja, og omvendt. 

Ikkje for det. Folka i kulturpanelet er flinke, og dei seier sikkert mykje klokt. Men vi lyttarar blir gjerne litt klokare av å høyra debattar der folk har ulike meiningar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar